Lokalavisene får eit solid løft

LLA og lokalavisene får gjennomslag for eit etterlengta og svært nødvendig løft i produksjonstilskotet. 30 millionar kroner skal øyremerkast dei minste lokalavisene. Det kjem fram i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020.

Landslaget for lokalaviser er svært glade for at regjeringa og kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) dermed følgjer opp i praktisk handling det dei lova i mediestøttemeldinga som vart lagt fram på LLAs landsmøte tidlegare i år.

Skei Grande presenterte kulturbudsjettet på ei tilstelling på Nasjonalbiblioteket i Oslo (bildet).

– Dei ekstra midlane som regjeringa no set av til dei minste lokalavisene er avgjerande for at mange av dei små avisene skal klare å satse på digitale plattformer. Den digitale omstillinga er krevjande både økonomisk og fagleg. Å levere god og viktig lokal journalistikk til innbyggjarane er framleis det viktigste for lokalavisene. Det vil dei ekstra pengane som no er lagt på bordet bidra til, seier LLAs generalsekretær Rune Hetland.

I statsbudsjettet føreslår regjeringa å inflasjonsjustere produksjonstilskottet med 10 millionar kroner, i tillegg til dei friske midlane på 30 millionar kroner. Slik blir det samla produksjonstilskotet til avisene auka med totalt 40 millionar kroner – til 358 millionar kroner.

Regjeringa vil også doble innovasjonsstøtta med 10 millionar, også det vil kome lokalavisene til gode.

30 millionar kroner av heile potten skal altså øyremerkast aviser som til dømes Sør-Varanger Avis, Inderøyningen, Suldalsposten og Solungavisa.

– Lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet og LLA har i mange år kjempa for at den viktige samfunnsrolla til lokalavisene skal bli meir verdsatt. Vi er derfor svært godt nøgde med at kulturministeren og regjeringa no prioriterer dei minste avisene. Dette bidrar til at enda fleire lokalaviser kan ta ei heilt nødvendig digital omstilling og slik levere meir og betre innhald til lesarane, seier Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.

For kommentarar og meir informasjon:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, mobil 452 89 444, rune@lla.no

På regjeringa.no finn du heile statsbudsjettet, mellom anna forslaget frå Kulturdepartementet.

Kulturminister Trine Skei Grande møtte blant anna LLAs Rune Hetland på veg til presentasjonen av neste års statsbudsjett. I bakgrunnen statssekretær Frida Blomgren (t.v) og redaktørforeningens generalsekretær Arne Jensen (t.h.).