LLA utsetter landsmøtet endå eitt år. Plaster på såret: Prisvinnarane skal feirast

Lokalavisene må vente eitt år til før LLA kan ha det lenge planlagte landsmøtet i Ålesund. I mellomtida inviteres prisvinnarane til markering og prisutdeling i hovudstaden.

Landslaget for lokalaviser (LLA) skulle eit år forsinka hatt landsmøte i Ålesund om knappe fem månader.  I lys av koronasituasjonen har styret i LLA alt no bestemt at landsmøtet i mars 2021 må utsetjast til mars 2022.

– Vi ser jo klart i desse dagar at smittesituasjonen både nasjonalt og lokalt er usikker. Sjølv om epidemien skulle bli meir avklart om nokre månader, trur vi mange aviser uansett ville valgt å halde folk heime. Situasjonen er rett og slett for usikker. Eit samla styre har derfor bestemt å utsette landsmøtet i Ålesund til fredag 11. mars og lørdag 12. mars 2022, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden.

Generalsekretær Tomas Bruvik er trass alt glad for ei tidleg og tydleg avklaring:

– For LLAs sekretariet er landsmøtene eit stort løft. Dei krev mykje planlegging og det er mykje arbeid. Når tidene er som dei er, er det viktigste at vi no veit kva vi har å forholde oss til. Vi får heller sjå framover og glede oss til mars 2022, seier Bruvik.

Verdig prismarkering

LLAs styreleiar og generalsekretær lovar alle eit par andre høgdepunkt i ventetida. Særleg skal lokalavisene som skulle ha fått utdelt velfortente prisar i år, omsider få den heider og ære dei har fortent. Det samme skal lokalavisene som har gjort eit svært godt arbeid i år få oppleve. LLA lyser nemleg snart ut til årets priskonkurranse, og vil invitere til dobbelt prismarkering i hovudstaden fredag 12. mars 2021.

– Vi skal finne gode løysingar innanfor dei smittevernsreglane som er då. I det minste skal hovudprisvinnarane få kome og få sine velfortente prisar. Dei skal feirast – og gjennom digitale plattformer skal også aviskollegaer frå heile landet få delta i markeringa. Vi skal lage noko som engasjerer avisfamilien, seier Øystein Øygarden og Tomas Bruvik (bildet over).

Fagdag

– I tillegg til prisutdelingane i mars, vil LLA invitere til ein fagdag for lokalavisene i mai neste år – i det då nyopna Pressens hus i Oslo. Koronasituasjonen på den tida vil sjølvsagt avgjere korleis denne fagdagen blir skrudd saman, men i ein eller annan form skal lokalavisene få fagleg kunnskap og inspirasjon. Vi skal også få vist fram den viktige jobben lokalavisene gjer for lokalsamfunna landet rundt. Samme dag vil vi også gjennomføre LLAs formelle årsmøte, seier LLAs styreleiar og generalsekretær.

– Det er sjølvsagt kjedeleg å måtte vente endå eitt år på det som er årets høgdepunkt for svært mange avismedarbeidarar og bransjefolk. Alt i alt trur vi nok dei fleste likevel seier seg enig i det vi no gjer. Og igjen; medan vi ventar på landsmøtet 2022, skal vi til neste år heidre prisvinnarane og lage ein spennande fagdag i Pressens hus, seier Øygarden og Bruvik.