Rune Øysten Stortinget mars 2019

LLA open for fleire oppgåver til Posten

Landslaget for lokalaviser (LLA) er positive til å vurdere fleire oppgåver til Posten. Slik kan kanskje distribusjonen av aviser i distrikta halde fram fem dagar i veka.

Stortingsrepresentantane Arne Nævra, Freddy André Øvstegård, Torgeir Knag Fylkesnes og Karin Andersen i SV føreslår å utgreie fleire oppgåver til Posten, til dømes utlevering av mat og servicetenester til eldre – etter inspirasjon frå andre Europeiske land. På den måten kan kanskje Posten få fleire inntekter, unngå dei varsla kutta i postomberinga og dermed framleis kunne distribuere papiraviser til innbyggjarane i distrikts-Norge.

I dag var LLAs nestleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Rune Hetland (bildet) i ei høyring i Stortingets transportkomité. Der sa dei nok ein gong klart i frå om at lokalavisene er svært skeptiske til Posten sine planar om å gå med post og aviser berre to til tre dagar i veka – og det på ulike dagar frå veke til veke.

– Lokalavisene er heilt avhengig av inntektene frå papiravisa for å finansiere journalistikken, og journalistikken er ikkje noko verdt utan at den når fram til lesarane. For mange lokalaviser er Posten einaste alternativ, sa LLAs Rune Hetland i Stortingets høyring tysdag.

LLAs nestleiar Øystein Øygarden, som til dagleg er redaktør i Vest-Telemark Blad, oppmoda transportkomiteen til å finne gode løysingar for Posten. Øygarden sa at avisa hans rett og slett ikkje har alternativ til Posten i største delen av dekningsområdet – og at det vil vera svært dramatisk for lokalavisa dersom Posten berre skal gå med post og aviser i gjennomsnitt 2,5 dagar i veka.

– Vest-Telemark Blad har investert mykje i digitale løysingar, og satsar stort på nett. Men me må få med oss inntektene over på dei digitale plattformane. Der har me enno ikkje lukkast. Postmannen har, og har alltid hatt, ei viktig rolle i lokalsamfunna. Posten har ein unik posisjon, og postomberinga er viktig både for næringslivet og innbyggjarane i lokalsamfunnet, sa Øygarden. Lokalavisredaktøren og Rune Hetland sa derfor at LLA er positiv til alle forslag som kan styrka Posten og auka sjansen for at dei vil oppretthalda postomdeling flest muleg dagar i veka.

– Vi synest at representantforslaget inneheld kreative og spennande forslag til nye tenesteområde som både kan styrka Postens samfunnsansvar, gi bidrag til økonomien og ikkje minst gje betre livskvalitet til dei som bur åleine eller litt avsides. Og det siste må vi ikkje gløyme. Det er nettopp i distrikta der markedet ikkje kan løysa verken enkeltpersonar eller bedrifter sitt omdelingsbehov me treng Posten så ofte som muleg, sa Hetland og Øygarden.

Her kan du lese heile representantforslaget frå Arne Nævra, Freddy André Øvstegård, Torgeir Knag Fylkesnes og Karin Andersen:

Representantforslaget

Her kan du laste ned Landslaget for lokalaviser (LLA) sin høyringsttale om Posten og representantforslaget:

LLAs høyringsuttale om Posten

For fleire kommentarar: Rune Hetland, LLA, rune()lla.no, mobil 452 89 444.