Landslaget for lokalaviser (LLA) har i mange år kjempa politisk for at dei minste lokalavisene skal få eit minstetilskot på éin million kroner. Det målet er vi i ferd med å nå, etter eit godt løft i 2020 i samband med ny mediemelding, og bra auke nå i 2022. Mange lokalaviser får alt i 2022 nærare éin million kroner i produksjonsstøtte. I Nord-Norge kjem dei fleste lokalavisene godt over millionen.
Har lytta til LLA
– Vi i LLA er glade for å bli lytta til. Denne auken i tilskotet kjem innbyggjarane i små og store kommunar til gode gjennom meir og betre journalistikk, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik.
Både Øygarden og Bruvik er tydelege på at folk i heile Norge forventar god journalistikk, både på tradisjonelle og digitale flater. Lokalavisene har krevjande tider, mange med usikre annonseinntekter og auka kostnader.
200.000 ekstra
Lokalavisa Nord-Salten er mellom avisene i nord som får om lag 200.000 i auke.
– Ein slik auke kjem utruleg godt med. Det er gledeleg og kjærkome i eit år med kraftig løns- og prisstiging, seier dagleg leiar Bård Eriksen.
– Vi er eit hardt satsande lokalavis som har vore i kontinuerleg utvikling sidan vi fekk nye eigarar i fjor. Styret har valt å satse meir på samiske nyheiter. Det er ein krevjande prosess, der all auke kjem godt med, legg han til.
Kan bety betre nettavis
Lokalavisa Kanalen i Nome får ein auke på vel 100.000 kroner. Det vil utgjere omlag 2,5 prosent av omsetninga, seier redaktør og dagleg leiar Tor Espen Simonsen.
– Det er ein signifikant auke for ei lita avis. Det vil gjere at vi kan satse enda meir offensivt på å bli ei god nettavis og fortsatt serve dei trufaste papirlesarane. Skal vi lukkast på nett, er vi avhengig av ein glidande overgang der vi er gode på både nett og papir, seier han.
Viktig for regjeringa
Auken i produksjonstilskotet til lokalaviser kom i Støre-regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett. Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet er mellom pådrivarane for å styrke lokalavisene.
– Lokalavisene er veldig viktige for mediemangfaldet og demokratiutviklinga vår. Og dei har ei heilt spesiell rolle for fellesskapet i lokalsamfunn over heile landet. Derfor har det å støtte lokalavisene alltid vore viktig for Sp, og derfor er også regjeringa opptatt av å styrke desse avisene framover, kommenterer ho.
Glade for konkret auke
– Auken i produksjonsstøtta ein heilt nødvendig del av finansieringsgrunnlaget for å sikre gode lokalaviser i små og langstrakte kommunar i heile Norge, seier Øystein Øygarden og Tomas Bruvik. Dei gler seg over at sterke politiske signal om å prioritere lokalavisene, slår ut i konkret auke i produksjonsstøtta.
– Dette har LLA jobba med i mange år. Vi set pris på at politikarane ser kor viktige lokalavisene er. Alle bur lokalt, og det er kommunane som leverer dei fleste tenester til alle innbyggarane i landet. Berre lokalavisene følgjer lokaldemokratiet tett. Dei treng ressursar til denne samfunnsviktige journalistikken, derfor er den auka støtta så viktig, seier Øygarden og Bruvik.
8 millionar til 100 aviser
Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskot til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har øyremerkt 8 millionar kroner til dei minste lokalavisene. Dei 8 millionane blir fordelt på om lag 100 lokalaviser.
– Alle skal ha et godt medietilbod, uavhengig av kor dei bur. Vi vil bidra til at lokalavisene kan halde fram å gi oss god, samfunnsviktig journalistikk, og at dei samtidig kan drive med omstilling. Derfor rettar vi meir av produksjonstilskotet til dei minste lokalavisene, kommenterer kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei nyheitssak på Medietilsynet sine nettsider.