Samferdsledep okt 2023

LLA, MBL og Amedia hos departementet: Alle arbeider vidare med avisdistribusjonen

Torsdag møtte MBL, Amedia og LLA statssekretær Bent-Joacim Bentzen i Samferdselsdepartementet for å be om hjelp til å sikre avisdistribusjonen fram til eit nytt anbud er på plass neste sommar.

Det var Ingar Tøien Merli (t.v.) i Amedia Distribusjon, Rune Hetland i LLA, statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) og Randi Øgrey i MBL som deltok i dagens møte i Samferdsledepartementet.

Bakgrunnen er at Amedia Distribusjon kuttar rutenettet sitt frå april neste år. Frå då av vil mange lokalaviser stå utan ei distribusjonsløysing fram til eit nytt anbod blir sett ut i live i juli.

Amedia Distribusjon var derfor med på møtet og informerte om reduksjonen dei skal gjennomføre. Dei sa også at selskapet har hatt positive samtalar med Posten om ei overgangsordning.

Det er snakk om å finne ei løysing der Posten distribuerer aviser i den aktuelle geografien slik at lokalavisene framleis kjem ut til abonnentane på utgjevardagane. Posten vil ha dekka kostnaden til dette ekstraoppdraget.

– Vi opplevde at statssekretæren var positiv og ønskjer å finna ei løysing, seier LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland etter møtet.

Hetland fortel at det var semje om at mediebransjen nå utarbeider detaljert oversikt over konsekvensar og kalkulerte kostnader som grunnlag for politiske beslutninger i Samferdselsdepartementet.