Lokalavisene får minst 30 millioner meir i produksjonstilskot

Medietilsynet la torsdag fram prognose for korleis årets produksjonsstøtte kan bli fordelt. Lokalavisene får minst 30 millionar kroner meir enn i fjor. I tillegg kjem inflasjonsjusteringa.

– Tildelinga reflekterer dei politiske signala om at lokalavisene skal prioriterast. Samtidig er prognosen i år svært usikker, blant anna fordi mange nye aviser har søkt om støtte, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet til eigne nettsider.

LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland kommenterer prognosene slik:
– Det er svært kjekt å sjå at tal som viser tydeleg løftet i støtta til lokalavisene frå i år. Dette er talfesta resultat av mediemeldinga dåverande kulturminister Trine Skei Grande la fram på LLAs landsmøte i Drammen i fjor. Dette er viktig for lokalavisfloraen og ei oppmuntring i særs vanskelege tider.

Endeleg fordeling blir klar i oktober/november og kor mange aviser som er med i ordninga, vil påverke fordelinga.

Les alt om prognosene til Medietilsynet her.