Tidlegare i år vann Frostingen prisen for årets digitale satsing. Kanskje er det din tur neste gong?
Tidlegare i år vann Frostingen prisen for årets digitale satsing. Kanskje er det din tur neste gong?

Hva er du stolt av i år?

Allerede nå kan du begynne å sende inn bidrag til årets lokalaviskonkurranser, så ta deg tid til å tenke etter hva du har gjort på jobb i år som skiller seg litt ut. Et lite tilbakeblikk kan være nyttig for egen utvikling, og kanskje finner du noe som er verdig en pris i årets lokalaviskonkurranser!

Har du ikke fått gjennomført de beste ideene ennå? Fortvil ikke, du har fortsatt tid på deg. Kast deg rundt og sett ideen ut i livet! Siste frist for å sende inn bidrag er ikke før 1. februar. Bidragene må være gjennomført i løpet av kalenderåret 2022.

I LLAs aviskonkurranser vinner både små og store lokalaviser ære og berømmelse. For noen år siden oppdaterte vi statuttene, og tydeliggjorde at juryene skal se etter aviser som får mye ut av små ressurser.

Avisa som sist ble kåret til Årets lokalavis var Fjordenes Tidende, ei mellomstor avis i LLA-sammenheng med et opplag på rundt 4500. Hederlig omtale gikk til mellomstore Vest-Telemark blad og den lille avisa Kulingen med et opplag på rundt 2200 og fire ansatte. Her kan du se de tre avisenes diplomer.

Nytt i år: Det skrives svært mange gode historier i lokalavisene i Norge. Historier som er både viktige og gripende i våre lokalsamfunn. Vi utvider derfor med en pris for Årets historiefortelling.

I år kan du dermed sende inn bidra til sju kategorier: Årets lokalavis, LLAs markedspris, LLAs journalistpris, Årets digitale satsing, Årets lokalavisfoto, Årets lokalavisside og den nye kategorien Årets historiefortelling. Under skjemaet finner du informasjon om hva du bør sende inn for å delta i de ulike kategoriene.

Alle prisene deles ut på LLAs landsmøte i Tromsø 21. til 23. april 2023.

Send inn bidrag her:

Les dette før du sender inn bidrag:

Årets lokalavis

LLAs Årets lokalavis-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktiv produktutvikling – og hedre lokalaviser som er lim og lupe på ein god måte i lokalsamfunnet. Juryen skal vurdere avisenes innhald og form, den skal sjå på heilskapen i avisas arbeid og produkt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa. Juryen skal også sjå etter lokalaviser som får mykje ut av lite.

Alle avisene som deltar, får tilsendt ei lita vurdering frå juryen.

Aviser som ønskjer å delta, skal sende inn tre valgfrie avisutgåver frå siste årgang. Det skal vere aviser frå begge halvår.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Deltakande aviser skal føre inn talet på årsverk i redaksjon, marknadsavdeling og totalt i avisa. Skriv også nokre få linjer om kva avisa er god til, og eventuelle spennande lesaraktivitetar det siste året. Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Juryen skal vurdere heilskapen i avisproduktet – både på papir og nett. Sjølv om juryen ser både på papir- og nettutgåvene til avisene, skal også aviser som ikkje har ei sterk nettsatsing kunne kåres til Årets lokalavis. Også aviser som ikkje kjem ut på papir, kan delta. Det er heilskapen som skal leggjast til grunn. Juryen ser blant anna på innhald, bilde, presentasjon og annonser.

LLAs markedspris

LLAs markedspris-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktivt markeds- og salgsarbeid – og hedre lokalaviser som får mykje ut av sitt lokale annonsemarked. Juryen kan både sjå på heilskapen i avisas markedsarbeid og annonseprodukt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa.

Hugs; det enkle er ofte det beste! Sjølv små, kreative markedstiltak kan sendast inn.

Deltakande aviser kan fylle ut ei enkel og kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Her skal avisa føre inn kor mange årsverk som arbeider med annonser, og kor mange årsverk totalt som arbeider i avisa. Avisa skal også kort omtale den konkrete markeds- eller salgsaktiviteten som avisa bidrar med i konkurransen. Her kan avisa også gi ei kort vurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet. Husk å få fram kva effekt markedstiltaket har hatt for kunden eller avisa – og gjerne kva inntekter avisa di har fått inn på tiltaka.

Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

LLAs journalistpris og Årets historiefortelling

LLAs journalistpris deles ut til ein journalist eller ei lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Juryen ser etter saker som er eit eksempel til etterfølging for journalistikken i avisbransjen.

Årets historiefortelling går til ein journalist eller ei lokalavis som har gjort seg bemerka med ei viktig og godt fortald historie.

Aviser kan delta med enkeltsaker eller artikkelseriar. Kvar avis kan bidra med maksimum tre bidrag i kvar kategori.

Deltakande aviser skal skrive ei eigenmelding på maksimum to A4-sider. Her skal avisa omtale det journalistiske arbeidet og grunngje kvifor journalisten eller avisa fortener journalistprisen eller prisen for årets historiefortelling. Avisa kan også gi ei kort eigenvurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets digitale satsing

LLAs digital-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til digital produktutvikling. Avisene kan bidra både med digital historiefortelling, lyd- og videoinnslag, animasjonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande og tiltalande for lesarane på nett. I Årets digitale satsing skal juryen mest sjå på enkeltavisers kreative og nyskapande tiltak, men kan også sjå på den digitale heilskapen til avisa.

Deltakande aviser skal skrive ein kort omtale av avisas bidrag og digitale satsing.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato. Avisa må også sende lenke til bidraget som avisa ønskjer å vise fram i konkurransen.

Årets lokalavisfoto

LLAs fotopris skal oppmuntre til bedre fotojournalistikk i lokalavisene. Vi ser etter bilde eller videoinnslag som fangar merksemda til lesarane og gjer ei god historie enda bedre.

Avisene kan bidra med bilde i papiravisa og/eller bilde eller video på nett, og juryen står fritt til å dele ut prisane til beste bidrag, uavhengig av plattform.

Deltakande aviser kan sende inn maks tre bidrag per journalist i avisa. Eitt bidrag kan vere enkeltbilde, bildeserie og/eller videoinnslag. Bidragsytar skal også sende inn avissida der bildet har vore publisert. Dersom avisa bidrar med nett-bilde eller video, må avisa sende lenke til desse, og avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets lokalavisside

Årets lokalavisside skal oppmuntre til god formgjeving og eit bevisst forhold mellom presentasjon og innhald i papirutgåvene.

Avisene kan bidra både med nyhetssider, reportasjesider eller førstesider.

Kvar avis kan bidra med maks tre bidrag kvar, og LLAs fagjury velger ut fem finalebidrag. Etter finalerunden er det landsmøtedeltakarane som stemmer fram fram Årets lokalavisside.

Generelt for alle konkurransane:

Det kostar 800 kroner å delta i Årets lokalavis-konkurransen og 500 kroner for kvar av dei andre konkurranseklassane. Det er same pris uansett kor mange bidrag som blir sendt inn i kvar klasse.

Alle bidrag må ha blitt publisert eller gjennomført i løpet av det siste kalenderåret.

Alle bidrag sendes inn her på LLAs nettsider. Innsendt bidrag betyr at avisa er påmeldt, det er ikkje eige påmeldingskjema utover dette.

Filer som sendes inn må merkast med navn på avis, og i foto og journalistpriskonkurransen må også navn på journalist/fotograf vere med i filnavnet

F.eks:

  • Årets lokalavis: Avis1.filformat
  • Årets lokalavisfoto: Avis_Kari_Hansen_1.filformat

Har du praktiske spørsmål? Ta gjerne kontakt med Lene Østberg i LLA, lene@lla.no eller mobil 452 89 222.