Landslaget for lokalaviser (LLA) og dei andre presseorganisasjonane har deltatt på to opne høyingar i Stortinget dei siste vekene. 20. oktober hadde Familie- og kulturkomiteen høyring om neste års statsbudsjett, i forgårs hadde samme komite høyring om den nye lova om økonomisk støtte til mediene (bildet). LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland representerte LLA i begge høyringane, som no gjennomføres på nett.
I høyringa om medielova la LLA, MBL, Fagpressen, Norsk journalistlag og Norsk redaktørforening fram ein felles merknad, der vi blant anna skriv:
«Det prinsipielle utgangspunktet for mediestøtten er at løpende nyhetsformidling og samfunnsdebatt er en nødvendig betingelse for et demokrati. De redaktørstyrte, journalistiske mediene, og det de leverer, er demokratiets infrastruktur. Mediestøtte er ikke næringsstøtte, men demokratistøtte, med ytringsfriheten og dens begrunnelser som fundament; sannhetssøken, den frie meningsdannelse og demokratifunksjonen.»
Organisasjonane samla seg også om følgjande innspel om innovasjons- og utviklingstilskotet:
«Det er mediehus utenfor større konsern, eller uten tilknytning til slike, som har de største utfordringene med overgang til en mer digital forretningsmodell. Disse aktørene står overfor de samme utfordringene som de store mediehusene og konsernene. De er nødt til å gjennomføre innovasjons- og utviklingsprosjekter, samtidig som de må gjennomføre kostnadskutt, omstilling og endring av forretningsmodeller på grunn av endringer på annonse- og brukermarkedet. Det er derfor bra at ordningen i første omgang er tenkt å fremme innovasjon hos disse. Vi støtter den foreslåtte videreføringen.»
LLAs Rune Hetland sa blant anna dette om innovasjons- og utviklingstilskotet under høyringa tysdag:
– Det er svært viktig at det nettopp er dei små lokalaviser som blir prioritert. Det har alt etter eit par år gitt synlege positive resultat ved at mange av dei minste har tatt store digitale steg, og gjennomført kreative utviklingstiltak. Men det er og utfordringar i støtteordninga. Det er viktig at tolkinga av innovasjon er slik at den treff dei som er uttalt målgruppe. Og det er nettopp i den prioriterte målgruppa ein finn dei økonomisk svakaste, og vi ser at nokon av dei som treng det mest ikkje klarer å reise eigenkapitalen som trengst for å søke og gjennomføre innovasjonsprosjekt. LLA meiner derfor at det er viktig å differensiere slik at dei med minst økonomi kan få innovasjonsstøtte med mindre eigenandel enn forskriftene opnar for i dag.
Både i denne vekas høyring om mediestøttelova, og i høyringa om statsbudsjettet, understreka Hetland at lokalavisene treng ekstra økonomisk hjelp i ei tid der annonseinntektene sviktar:
– Dessverre fryktar vi langtidseffekten for lokalavisene dersom det ikkje kjem ei betre krisestøtte. Koronastøtta ut juni treff dårleg og er ikkje tilstrekkeleg for dei som treng det mest. Berre ti prosent av kompensasjonen gjekk til dei om lag 115 lokalavisene som er medlem i LLA. Altså under 10 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ordninga er slik at aviser kan går med millionverskott og få millionstøtte, samtidig kan mindre aviser gå med betydeleg underskott og ikkje få støtte, eller få så lite i støtte at dei framleis går med underskott, sa Hetland. Og la til:
– Vi vil be om at støtteordninga blir vidareført, og endra slik at den også når til dei minste som treng det mest. Dette kan gjerast ved differensiering. Dette handlar både om å overleve og om livskraft.
– LLA ber også om at det blir gitt eit ekstra løft i produksjonstilskottet til lokalavisene for 2021 slik at dei får sjanse til å kome seg gjennom og henta seg inn etter pandemien som heilt sikkert vil ha negative konsekvensar også i 2021. For pandemien kjem i tillegg til generelt negativ utvikling i annonsemarknaden.
– Utan vidareføring og endring av koronastøtta og eit ekstra produksjonstilskott fryktar vi at det får alvorlege konsekvensar for floraen av lokalaviser.
– Målet må vere å sikre nok ressursar til journalistikk slik at lokalavisene kan fylle samfunnsoppdraget til beste for innbyggarar og fellesskap i framtida, sa LLAs Rune Hetland.
Presseorganisasjonanes felles høyringsuttale om mediestøttelova kan du laste ned her:
Her kan du sjå heile høyringa i familie- og kulturkomiteen tysdag 10. november.
Her kan du sjå høyringa om statsbudsjettet 20. oktober.
Skjermdumpen/bildet frå høyringane er henta frå Stortingets nettsider. Det er også der du finn opptak av høyringane.