Rune Hetland og Tomas Bruvik

Generalsekretæren i LLA går av

Rune Hetland har varsla styret i Landslaget for lokalaviser at han ønskjer avløysing som generalsekretær.

Rune Hetland.

Rune Hetland vart tilsett som generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA) frå 1. november 1994. Nå har Hetland varsla styret at han vil trappa ned. Han kjem til å halda fram som rådgjevar i redusert stilling.

– Sidan han fekk jobben har lokalavisene i landet opplevd store løft. Ikkje minst har respekten og rammevilkåra for lokalavisene blitt løfta desse 25 åra, noko Rune skal ha ein stor del av æra for. Sjølv vil han nok framheve den store satsinga LLA har hatt på kurs og kompetanse, ikkje minst på landsmøta, som viktig for det kvalitetsløftet som har vore i lokalavisene. Statusen er kraftig heva, og i dag er lokalavisene stolte over å kalla seg lokalavis. Slik har det ikkje alltid vore, seier Tomas Bruvik, styreleiar i LLA.

Rune Hetland er ein av dei med mest kunnskap om pressepolitikk og rammevilkår. Med dette som bakteppe har LLA over tid fått gjennomslag for mykje av det ein har arbeidd med.

– Særleg var Rune sentral då norske medier fekk 0-moms. Utan hans innsats hadde neppe momsfritaket kome, så det er ikkje berre lokalavisene, men heile medienorge som skuldar Rune ein stor takk for dette, seier Bruvik.

– For LLA er det viktig at Rune Hetland vil halde fram i organisasjonen. Kunnskapen hans må førast vidare til ein ny generalsekretær, og innsatsen hans er avgjerande viktig også framover i det pressepolitiske arbeidet, legg styreleiaren til.

Styret har respekt for Rune Hetland sitt ønskje om at han ikkje vil ha ansvaret som generalsekretær lenger. Han har lagt ned langt meir enn vanleg innsats for lokalvisene i dei snart 25 åra han har vore generalsekretær. Han har vist eit uvanleg engasjement og omsut for LLA og lokalavisene.

Stillinga som generalsekretær kjem til å bli lyst ut om kort tid.