LLA Årets lokalaviser

Dølen og Kyst og Fjord er Årets lokalaviser

Lokalavisa Dølen og avisa Kyst og Fjord er kåra til Årets lokalaviser. Dei fekk utmerkingane under Landslaget for lokalaviser (LLA) si prismarkering fredag kveld.

Juryen seier mellom anna at Dølen har eit imponerande avisprodukt ­– i alle kanalar. Lokalavisa løyser samfunnsoppdraget på ein framifrå måte.

På LLAs prismarkering henta Dølen også heim ein journalistpris og digitalpris.

Dølen kjem ut på Vinstra i Innlandet fylke og er lokalavisa for kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Lokalavisa har 4211 i opplag og Tone Sidsel Sanden er ansvarleg redaktør.

Om Kyst og Fjord seier juryen at avisa er sterkt til stades og lagar ekte historiar om fisk, menneske og verdiskaping. Kyst og Fjord er eit føredøme på god journalistikk.

Kyst og Fjord held til i Kjøllefjord i Troms og Finnmark fylke, avisa er ein uavhengig nyhetskanal for fiskerinæringa og er dermed ei «kystens lokalavis». Avisa har eit opplag på 2518. Ansvarleg redaktør er Øystein Ingilæ.

I konkurransen om å bli Årets lokalaviser, fekk Fanaposten, Hallingdølen, OPP og Vaksdalposten heiderlege omtalar.

LLA delte også ut følgjande hovudprisar:

Markedsprisen: Bømlo-nytt og Hordaland Folkeblad

Årets lokalavisfoto: Sindre Thoresen Lønnes, Hallingdølen, og Vidar Herre, Avisa Hordaland.

Årets lokalavisside: Hardanger Folkeblad.

Årets digitale satsing: Dølen og Gjesdalbuen

Journalistprisen: Sigrid Gausen, Guro Vollen og Tone Sidsel Sanden i Dølen, og Kristine Brandsdal Barane i Mediehuset Sunnhordland.

Under LLAs prismarkering helsa kulturminister Abid Raja til lokalavisene. Kulturministeren sa mellom anna at lokalavisene skaper tilhøyrsle og identitet – og speler ei uvurderleg rolle i lokaldemokratiet.

LLA har også hatt årsmøte denne veka. Øystein Øygarden vart då attvald til styreleiar i LLA. Øygarden er til dagleg ansvarleg redaktør i Vest-Telemark blad. Med seg i styret har han Tone Sidsel Sanden, Camilla Skaar, Knut Martinsen, Trude Hiller, Lillian Holden og Svend Arne Vee. Varamedlemer er Reidar Hystad (fast møtande), Christoffer Johansen og Liv Maren Mæhre Vold.

LLA og lokalavisenes prismarkering var på Hotel Christiania Teater i Oslo, med eit nokre av vinnaravisene til stades. Mange lokalaviser følgde prismarkeringa digitalt frå sine eigne avishus rundt omkring i Norge.

Her er diplomane:

Årets lokalavis 1

Årets lokalavis 2

Årets lokalavis hederlig 1

Årets lokalavis hederlig 2

Årets lokalavis hederlig 3

Årets lokalavis hederlig 4