Både avisene og posten skal fortsatt fram!

Alt tyder på at avisene vil kome opp i folk sine postkassar også i neste veke, sjølv om Posten frå då av berre går med post annankvar dag.

Frå tysdag 7. juli vil folk få sjeldnare besøk av postbudet sitt. Den eine veka er det normal postgang to dagar i veka, påfølgjande veke går postboda tre dagar. Dette betyr store omleggingar både for avisbransjen, Posten og Samferdsledepartementet, som alle i lengre tid har jobba intenst med å få på plass brikkene i det nye puslespelet. No ser det ut som at dei fleste avisabonnentane vil få papirutgåvene sine på faste dagar. I alle fall så sant avisene sjølve har gjort avtale med Posten og Aktiv Norgesdistribusjon – som er avisenes eige distribusjonsselskap.

– Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) er glade for at dei aller fleste abonnentane vil få avisene sine på utgjevardagane. Samferdsledepartementet har vist stor vilje til å finne gode løysingar, og Aktiv Norgesdistribusjon har også gjort ein grundig og god jobb dei siste månadane. Det seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (bildet). Saman med sekretariatet i LLA har Øygarden vore tett på postsaka, og han gler seg altså over at det meste er på plass når det blir nye distribusjonsordningar frå 7. juli.

– Intensjonen frå Stortinget og regjeringa har jo heile tida vore tydeleg; avisene skal fram til folk. Sjølv om det truleg blir ein krevjande overgangsfase der alle må tilpasse seg nye rutinar, er det grunn til å tru at folk flest vil få avisene sine som forventa, seier Øystein Øygarden. Han og LLA har særleg vore uroa for 20.000 adresser som ikkje ville få aviser, men dei aller fleste av flokane skal i desse dagar vere rydda opp i.

Store omleggingar – og avisene må ha gjort avtale om distribusjon

Det er særleg det at Posten bokstavleg talt ikkje skal gå så ofte med post som er bakteppet for dei store omleggingane i avisdistribusjonen frå neste veke av.

Saka held fram under annonsen.

For at folk i heile Norge likevel skal få avisa si, også på alle kvardagar, la staten ut deler av avisdistribusjonen på anbod – særleg i grisgrendte strøk der avisboda ikkje går til vanleg.

Dette anbodet vann Posten for kvardagar måndag til fredag. Aktiv Norgesdistribusjon vann anbodet for laurdagane.

Staten kjøper altså avisdistribusjon. Slik skal også folk som bur i dei mest grisgrendte delene av Norge få avisene i postkassane sine.

Arbeidsdelinga mellom Posten og Aktiv Norgesdistribusjon betyr i praksis at folk flest vil få avisa si som avtalt.

Men igjen; kvar avisbedrift må ha gjort avtale med Posten og Aktiv Norgesdistribusjon for at abonnentane deira skal få avisene sine på faste utgjevardagar.

Aktiv Norgesdistribusjon sine nettsider, ligg meir informasjon og kontaktopplysningar.