LLA_lokalaviser_ill

Avisomdeling kvar dag

Det blir avisomdeling i heile landet seks dagar i veka også etter at Posten reduserer frekvens til annankvar dag frå 1. juli i år.

Det er klart etter anbudsrunden for avisomdeling der Posten sjølv får anbudet måndag til fredag i heile Norge, samstundes som avisbransjens eige selskap, Aktiv Norgesdistribusjon AS, får anbudet for laurdagar i heile landet.
Styreleiar Øystein Øygarden (bildet) i Landslaget for lokalaviser (LLA) kommenterer anbudstildelinga slik:
– Det aller viktigaste er at det viste seg muleg å få ei til løysing med avisdistribusjon alle dagar innanfor den ramma Stortinget har gitt. 
– Avisene må uansett nytte budselskap der dei går, altså i tillegg til Posten på kvardagar, seier LLAs styreleiar. Han reknar med at det vil ta litt tid å få full oversikt over konsekvensane av endringane frå 1. juli.
– Vi set pris på at samferdselsdepartementet og Stortinget lytta til LLA og dei andre avisorganisasjonane og løyvde pengar til ei kompensasjonsordning slik at alle abonnentar framleis får papiravisa, seier Øystein Øygarden.