Årets prisutdelingar blir flytta til landsmøtet 2021. Lokal & digital arrangeres nesten som planlagt

Når Landslaget for lokalaviser (LLA) har landsmøte i Ålesund i mars, blir det dobbel-feiring. Då skal både årets og neste års prisvinnarar få heder og berømmelse. I mellomtida blir det Lokal & digital-konferanse i Oslo.

Denne stemningen under festmiddagen i Drammen i fjor, skal også dei neste prisvinnarane av lokalavisprisane få oppleve: Dei som blir kåra til Årets lokalavis, eller som skal få nokre av dei andre gjeve lokalavisprisane, fortener stor oppmerksomhet og ei høgtidleg ramme. Derfor har styret og administrasjonen i LLA no bestemt at det blir utdeling både av årets og neste års lokalavisprisar når LLA har landsmøte i Ålesund 12. og 13. mars 2021.

– Å motta ein pris digitalt er ikkje det same som å få ein pris med 250 lokalavisvener rundt seg. Dei som vinn prisar fortener å bli heidra på ein skikkeleg måte, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik. Han lover gode løysingar og rammer for neste års seremoniar, slik at både årets og neste års prisvinnarar får nyte godt av vinnar-statusen i eit heilt år.

– Vi skal lage ein skikkeleg og minnerik prisfest for alle, seier Bruvik.

Samtidig som LLA etter sommaren starter opp igjen arbeidet med neste års landsmøte, skal sekretariatet også få på plass årets digitalkonferanse for lokalavisene. Lokal & digital flyttes i år frå Bergen til Oslo og sannsynlegvis blir arrangementet i oktober. Endeleg dato blir bestemt før sommarferien.

– Vi har ringt rundt til rundt 20 aviser som var med på digitalkonferansen i fjor. Oppfordringa frå mange aviser er tydeleg; det er flott om vi snart kjem i gang med arrangement der vi kan møtast fysisk. Derfor satser vi på å arrangere ein innhaldsrik og inspirerande konferanse til hausten. Dette gjer vi sjølvsagt i tråd med dei helsefaglege råda frå styresmaktene, seier LLAs generalsekretær.

– Ved å ha Lokal & digital i Oslo i år, vil det vere enkelt og relativt rimeleg også for aviser i Midt-Norge og i Nord-Norge å ta turen direkte til Gardermoen og Oslo sentrum, legg Bruvik til.