Kvinnheringen-tatoveringer-side-1

Vil tatovere lokalavisa sin logo på leggen

… om dei får inn 350.000 kroner til Kreftforeningen.

… om dei får inn 350.000 kroner til Kreftforeningen.

Vi tenkjer å ha Kreftforeningen sin logo, som ser ut som ei stjerne, i midten. Så skal «Kvinnheradrussen 2018» og summen vi samlar inn vera med, og i tillegg logoen til Kvinnheringen, fortel dei to russegutane som vil tatovere seg til inntekt for Kreftforeningen.

Målet er å samle inn 350.000 kroner frå Kvinnherad til «Krafttak mot kreft», både gjennom russen sin bøsseaksjon og gjennom nettaksjon. Dei kom på å kople inn lokalavisa på grunn av at Kvinnheringen samla inn mykje pengar til Kreftforeningen med den spesielle kreftavisa si i fjor. Kvinnheringen lovar å gjere sitt for å spreie russegutane sin aksjon i sine kanalar.

Her kan du følgje med på korleis nettaksjonen går. Der kan du mellom anna sjå at ein av givarane også har utfordra redaktør Tomas Bruvik til å tatovere eit bilete av David Beckham på den eine bicepsen og Cristiano Ronaldo på den andre.