Skjermbilde 2018-09-10 kl. 12.30.17

Full gass for Ottadalen

Utsnitt med den viktigaste premien i samarbeidslotteriet mellom Fjuken og næringslivet i Ottadalen.

Vinn ein feit Citroën til fri disposisjon i eitt år! Alt du treng å gjerne er å vise at du har tru på lokalsamfunnet ditt.

Fjuken tok sats og gav full gass inn i eit spenstig samarbeid godt utover grensene for det som er vanleg for ei lita marknadsavdeling. Det har gitt meirsmak!

«E handla lokalt»

Rett nok Itek dei ikkje heile æra for det spreke bil-laterale samarbeidet for Ottadalen beste. – Kampanjen «E handla lokalt» starta i år, men grunnideen har me henta frå Rune Henden i Fjordenes Tidende, vedgår Helene Starheimsvik frå annonseavdelinga i lokalavisa Fjuken.

Fjordenes Tidende har nemleg òg hatt ei kampanje der hovudpremien var leasing av ein bil.

– Dette tok vi tak i, men vi ville ha fullt fokus på å handle lokalt i Ottadalen, fortel ho.

Avisa tok kontakt med bedrifter i Ottadalen som dei såg for seg kunne vere samarbeidspartnarar i prosjektet. Valet fall på ein lokal bilforhandlar, ei matvarekjede, som har butikkar i heile nedslagsfeltet til Fjuken, og den lokale banken.

– Dei tende på ideen med ein gong. Vi hadde planleggingsmøte med alle kvar for seg. Desse vart «sponsorar».

Avisa vart meir synleg

– Bilforhandlaren stilte med ein ny Citroen C3 Aircross i ei spenstig farge, som vi i Fjuken skulle lease i heile 2018. Vi fekk bilen, og sendte den til Stryn for å pynte den med logoar.

Bilen går som firmabil nå med full profilering og er tilstades der ting skjer – synlegheit, seier Starheimsvik.

– Dette er gunstig i forhold til bruk av eigne bilar på vakt, også økonomisk for avisa.

– Banken stilte med reine sponsorkroner mot å få logen på bilen og ellers gjennom reklame i denne kampanja.

– Coop Ottadalen stilte med ti gåvekort på 1.500,- som vi skulle trekke ut som månadspremier gjennom heile 2018 (februar-desember).

Gratislodd til alle som handlar lokalt

For å få inn pengar på prosjektet gjennom heile året, tok ho kontakt med bedrifter og butikkar i Skjåk, Lom og Vågå for å få dei med på laget.- Vi kalte dei for ein dugnadsgjeng; vi skulle alle arbeide saman for å framme lokal handel.

Kvar deltakar betalte 490,- kroner i månaden, for det fekk dei loddblokker, og avisa reklamerer for kven som er med på dugnaden, så lokalbefolkninga skal vete kvar dei skal handle for å få «lodd», og moglegheit til å vinne premiane.  Ei heilside i veka gjennom året.
Dei handlande får eit gratislodd kvar gong dei handlar.
– Men some stader har lodda vorte så populære blant barn i bygda at dei vart nøydd til å setja ei nedre grense på 250 kroner for å få lodd, fortel Starheimsvik..

Bil til jul

Kvar månad vart det trekt ein månadspremie. Og til sist vert hovedpremien trekt rett før jul. Bilen er leasa og vinnaren får køyre Citroën C3 Aircross eit heilt år.

Vinnaren av bilen blir annonsert i desember, rett inn i jula.

  • Annonseinntektene for dette i 2018 utgjer ca 300.000 kroner. Kor mykje som har gitt ut, er litt usikkert.
  • Har lansert eigen «E handla lokalt» annonsekarusell på nett og mobil. Dette er eit sjølvbetjeningsopplegg der annonseskundane kan poste på Facebook (eller Instagram) og få annnonse ut nesten umiddelbart.
– Det har vore mykje arbeid, men enormt artigt. Folk har vore svært positive, og alle tykkjer at vi gjer noko bra for lokalsamfunnet, seier Starheimsvik.
Ho trur ikkje dugnadsjobben gjere noko stort overskot fyrste året, men gler seg til å satsa også i 2019. Og reknar med at utgiftene då vert mindre.
– Her er stort potensiale endå, trur ho.
Under kan du sjå døme på ulike profileringsannonsar i Fjuken sitt Citroën-prosjekt.