Lokalavisenes valg 23: Vern eller utbygging?
SUJO, LLA og MBL
Slik kan du setje søkelys på kommunal arealplanlegging, utbygging og naturvern i valkampen.
Kor mykje hyttebygging skal kommunen ha, og kva areal kan ein setje av til industriutbygging og bustader? Er kommunen sine planar oppdaterte?
– Det er ein auka bevisstheit på at gamle og utdaterte planar er den største trusselen mot å kunne løyse klima- og naturkrisa, sa jurist Nikolai Winge til Hallingdølen då dei skreiv om store hyttebyggingsplanar i fjellet.
Winge har spesialisert seg på plan- og bygningsrett og meiner mange kommunar har større handlingsrom enn dei trur.
Fredag 25. august kl. 10-11 vil han hjelpe deg med å setje søkelys på kommunal arealplanlegging i valgkampen.
Anna Huseby frå Hallingdølen vil fortelje om korleis ho har dekka lokale konflikter rundt hytteplanar i urørt terreng.
Arrangementet er del av satsinga Lokalavisenes valg 23, eit samarbeid mellom Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL).