Lokal & digital, Flesland/Bergen
LLA
Større lokalt engasjement og meir debatt i lokalavisenes kanalar fører til større trafikk og fleire digitale annonseinntekter. Det er utgangspunket for LLAs Lokal & digital-konferanse som begynte torsdag kveld. I tillegg til spennande foredrag og praktiske tips, får du også vere saman med gode bransjekollegaer i ett døgn. Det betyr også meir inspirasjon og meir kunnskap!
Lokal digital debatt er altså gjennomgangstemaet når vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) inviterer til høstens lokalavissamling frå torsdag ettermiddag 3. november. Klokka 18.00 varmer vi opp med debatt og samtale om lokalavisenes digitale muligheter – før felles middag og avisprat. Hovudprogrammet er fredag 4. november. Då byr blant anna Tone Friden og Stine Vandevjen Olsen i Polaris Media på enkle praktiske tips som alle kan bruke i kvardagen sin. Fleire lokalaviser i LLA-familien skal også dele praktiske erfaringar som du kan ta med deg tilbake til egen lokalavis.
Programleiarar er Lillian Holden og Ola Stave i Hallingdølen.
LLAs Lokal & digital er for alle på avishuset som vil ha inspirasjon og fagleg påfyll. Mykje av programmet er felles for alle deltakarar. På fredagen har vi to spor; redaksjonelt og marked. Då får markedsmedarbeidarane høyre meir om kva som skjer i det digitale annonsemarkedet no – samtidig som tre aviser deler praktiske erfaringar. I tillegg lanserer LLA si sjølvbeteningsløysing for digitalt lokalt annonsekjøp. Slik skal små lokale butikkar og organisasjonar på ein enkel måte få digital eksponering i lokalavisa si.
Du kan få med deg nyttig kunnskap både før og etter LLAs digitalkonferanse: Frå torsdag morgon inviterer LLA og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) til starten på nytt graveprogram. Sjå meir om det her.
Når Lokal & digital er ferdig seinast klokka 15.00 fredagen, kan du gå vidare til «Hauststormen«, som Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening står bak. Alle samlingane er på samme hotel; Clarion Hotel Bergen Airport, bare fem minuttars gange frå Flesland lufthavn Bergen. Hvis du først deltar på LLAs Lokal & digital, får du 30 % rabatt på «Hauststormen».
Program:
Torsdag 3. november
09.00: LLA og SUJO starter nytt graveprogram for lokalavisjournalistar.
17.00: Innsjekk og registrering til LLAs Lokal & digital-konferanse
18.00: Oppvarming og kveldsdebatt: Slik ser den digitale framtida ut for lokalavisene, og slik vinn vi framtidas avislesarar. Med m.a. konserndirektør Marte Ingul i Amedia, redaktør Ståle Melhus i Fanaposten og redaktør og dagleg leiar Ingvil Aaen Torpe i Hordaland.
20.00: Felles middag og avisprat
Fredag 4. november
09.00: Felles for alle: Kva skal lokalavisene satsa på i framtida? Ein del aviser har alt prøvd podkast, og slutta og byrja med det igjen. Er podkast noko avisene bør bruka tid på? Og kva må eigentleg til for å starta med det? Podkast-ekspert frå Faktisk, Nicolai Delebekk kjem for å fortelja om podkast-trendar og gje gode råd til dei som vurderer å starta med podkast.
Redaksjonssporet før lunsj:
10.00: Slik kan du lukkast med video for å skape engasjement. Utviklingsredaktør Trond Sandnes i Folkebladet og Bergensavisens nye videosjef Torbjørn Fardal deler sine beste råd om korleis ein kan løfte videoinnhaldet med få ressursar.
11.00: Slik jobbar vi med redaksjonell utvikling i Polaris Media. Tone Friden og Stine Vandevjen Olsen byr på enkle tips som alle kan bruke i egen kvardag.
Markedssporet før lunsj:
10.00: Dette skjer i det digitale annonsemarkedet no. Gunnar Nilsen, salgsdirektør Schibsted Vest
11.00: LLA lanserer digital sjølvbetjeningsløysing for lokale annonsekundar. Espen Forsberg, LLA, Eva Haukdal og Nils Kåre Nesvold i Fjell-Ljom og Mikal Rohde i Adnuntius
12.00: Felles for alle: Lunsj
Redaksjonssporet etter lunsj:
13.00: Slik skaper vi debatt, engasjement og trafikk i lokalavisene våre. Redaktør Pia Marie Lerseth i Inderøyningen og debattansvarleg Marit Folkedal Lussand i Hordaland, om egne erfaringar og råd. Professor Birgit Røe Mathisen frå Nord universitet kjem med innspel basert på sine analyser av lokal debatt.
Markedssporet etter lunsj:
13.00: Grannar, Hallingdølen og ei lokalavis til, deler nyttige erfaringar for å få fleire digitale inntekter
Felles avslutningsforedrag for alle:
14.00: Slik treff vi unge vaksne lesarar for å få meir samfunnsengasjement. Erfaringar frå Os og Fusaposten sitt arbeid med 20-40-åringane. Med prosjektmedarbeidar Sofie Bugge frå Os og Fusaposten, Laila Borge frå LLA og Kjetil Torget og Synnøve Austestad frå Os og Fusapostens lesarpanel.
Derfor er unge vaksne motvillige til å betale for nyheter. Med Marianne Borchgrevink-Brækhus, stipendiat i medievitenskap v/ MediaFutures, UiB.
Digitale funn frå lokalavisene og nokre gode råd på veg heim. Peder Sjo Slettebø, tidlegare prosjektmedarbeidar i LLA.
Programmet er slutt seinast klokka 15.00. Det tar fem minuttar å gå til Flesland lufthavn Bergen. Hauststormen begynner fredag ettermiddag/kveld.