Gull til Hallingdølen for bladbunad

Det var fredag 11. oktober at Scandinavian News Design gjekk av stabelen i København. Hallingdølen vart her heidra med til saman seks prisar, og vart den mestvinnande norske avisa.

Det var grafikar Jarle Stanes og redaktør Bjarne Tormodsgard som tok i mot vedlasset med prisar i København fredag kveld.
Hallingdølen har vunne prisar i konkurransen også tidlegare år, men dette er første gongen Tormodsgard kan ta med seg gull heim. Det fekk avisa for fotoreportasjen «Vinter i Vassfaret», som stod på trykk i fjorårets vintermagasin.

– Det er første gong me vinn gull, og me har her konkurrert med dei store nordiske avisene, seier Tormodsgard, og ramsar opp mellom anna VG, Stavanger Aftenblad og danske Politiken som andre gullvinnarar. Heile seks prisar gjekk til Hallingdølen. Det var berre Politiken og svenske Dagens Nyheter som fekk fleire, med sju kvar.

Hallingdølen fekk også sølv, for historia «Tutta frå Hovde skal heim». Denne stod på trykk i ei av dei vanlege avisene. Dei fire andre prisane var Award of Excellence-prisar.

Fire av prisane gjekk til saker som har stått på trykk i den vanlege avisa. Dette er gledeleg for redaktøren, som fortel at dei har prøvd å ta kunnskapen frå magasina inn i vanleg avis.
– Eg synest det er moro at me vinn prisar for både magasinsaker og saker som står i vanleg avis. Tidlegare har me mest vunne prisar for magasinsaker, det er difor gledeleg at me no også begynner å få prisar på vanlege avissaker, seier Tormodsgard.
Kjekt er det og at det er mange ulike journalistar som er bidragsytarar på vinnarsakene.
– Det er ikkje berre éin gjengangar, og det er kjekt. Fleire grafikarar er og inne i biletet. Dette er ei vitamininnsprøyting for heile huset, seier han.

Sjå alle sakene som pdf-vedlegg.