Lokalavisene si meiningsmåling viser at Senterpartiet går sterkt tilbake i Sogn og Fjordane. Dermed kan det åpne seg ein plass for Olve Grotle frå Høgre. Foto: Dag Frøyen, Firdaposten
Lokalavisene si meiningsmåling viser at Senterpartiet går sterkt tilbake i Sogn og Fjordane. Dermed kan det åpne seg ein plass for Olve Grotle frå Høgre. Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Naboaviser samarbeider om valstoff

Firdaposten samarbeider med Sogn Avis og Firda om meiningsmålingar og valkampstoff. Redaktør Svend Arne Vee trur fleire aviser kan ha nytte av å samarbeide om valstoffet.

Dei tre Amedia-avisene i Sogn og Fjordane har gått saman om å bestille meiningsmålingar frå valdistriktet. Dei lagar felles grafikk og saker om målingane, og deler på arbeidet med å produsere stoffet.

– Slik får vi mest mogleg ut av ressursane. Lesarane får eit betre produkt av at vi samordnar ressursane, seier redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee.

Mogleg for fleire

Han oppmodar andre lokalaviser om å vurdere det same.

– Dei treng ikkje nødvendigvis vere konsernaviser for å samarbeide, ein kan godt ringje naboavisa og spørje korleis ein saman kan bruke ressursane på best måte.

Sjølv om dei kan ha nokre av dei same lesarane, synest han ikkje det er problematisk at avisene trykkjer identiske saker. Truleg ville sakene uansett vore ganske like ettersom dei skriv om det same valdistriktet og dei same stortingskandidatane. Ettersom det er riksval vil han ikkje bruke for mykje ressursar på valstoffet.

– Vi gjer kanskje eit framstøt på ein paneldebatt når det nærmar seg valet, og vi har diskutert om vi skal køyre podkast med ein del av dei lokale aktørane, seier han.

Mange har skifta parti

Sakene om dei første to meiningsmålingane hadde få lesarar. Vee trur dette skuldast at koronapandemien har overskugga det faktum at det er eit valår. No kan interessa vere i ferd med å auke, både fordi det ser lysare ut over skydekket frå pandemien, og fordi veljarmassen har begynt å røre på seg.

– Det var ganske kjedeleg fram til FN-rapporten snudde opp ned på alt. No har kvar fjerde Sp-veljar forsvunne, seier han.

I den siste av dei tre meiningsmålingane som InFact har gjort for dei tre avisene, har oppslutninga til Sp falle til 29,1 prosent, frå over 40 prosent i februar. Gallupen syner at veljarane i Sogn og Fjordane ikkje er upåverka av klimafokuset i det siste. MDG meir enn doblar seg til 5,8 prosent, medan SV nesten doblar seg til åtte prosent.

– Vi gjer litt meir ut av denne målinga, med analyse, kommentar og intervju, seier Vee.

Nokre døme (pluss-saker):

Ny måling: Senterpartiet mistar kvar fjerde veljar

Olve har tredjemandatet i siktet

Torbjørn har klora seg fast: – Glad for at vi held stand