Lokale kjelder reagerte på at russisk mannskap kom i land ved industrianlegget til Equinor på Mongstad. Foto: Eva Neteland
Lokale kjelder reagerte på at russisk mannskap kom i land ved industrianlegget til Equinor på Mongstad. Foto: Eva Neteland

NH: Russisk mannskap kjem inn i hjartet av kritisk infrastruktur

Gjennom lokale kjelder fekk avisa Nordhordland (NH) nyss i at russiske sjøfolk, òg høgtståande skipsoffiserar, går i land på raffineriet og baseområdet på Mongstad.

Russiske skip har ikkje tilgang til hamnene på Mongstad grunna Hamneforbodet, men dette gjeld ikkje skip frå andre land med russisk mannskap, skriv avisa Nordhordland (+).

– Det er ingen tvil om at somme russiske mannskapsmedlemmar driv med etterretning i utlandet, seier forskar og orlogskaptein ved Sjøkrigsskulen, Tor Ivar Strømmen, til Nordhordland.

Han meiner at ein ved å sleppe russisk mannskap inn på Mongstad, legg til rette for at dei kan samle inn informasjon om kritisk infrastruktur og stadar ein kan gjere skade med størst mogleg effekt gitt innsats.

– Det er ikkje bra i det heile tatt. Dette inngår dessverre i den ofte grenselause naiviteten Norge har til tryggleik, seier han.

Fleire journalistar i lokalavisa jobba med saka og sette seg inn i det relevante lovverket før dei publiserte.

–Vi ønsker ikkje å skape hysteri, men vi opplever at dette strider mot folks oppfatning av kva som er rett, seier redaktør Vegard Flatøy.

Avisa Nordhordland har også intervjua kommunikasjonssjefen ved Equinor sitt anlegg på Mongstad, som opplyser at dei har prosedyrar for korleis mannskap på skip blir eskorterte direkte frå båt og ut av anleggsområdet ved landlov. Frå politiet får dei vite at Vest politidistrikt framleis har sikkerheitstiltak i verk rundt olje- og gassinstallasjonar på Vestlandet.

Redaksjonen følgjer no med på om det blir endringar etter merksemda dei har gitt saka.