«Krisetid triggar kreativitet, innovasjon og utvikling», skreiv redaktør Britt Ingunn Maurstad i leiaren i siste papiravis før påske. Ho oppmoda lesarane til å handle lokalt, og minte om at også lokalavisa er del av det lokale næringslivet.
Same dag vart den nye nettavisa til Storfjordnytt publisert. Dei første to dagane fekk dei seks nye abonnentar. I tillegg har svært mange eksisterande abonnentar bede om digital tilgang.
– Eg har knapt gjort anna i påsken enn å gje digital tilgang, seier Britt Ingunn Maurstad.
Hadde spart saker
Storfjordnytt hadde tidlegare undersøkt aktuelle leverandørar av nettløysingar i samarbeid med nokre andre lokalaviser og LLA. Dei hadde landa på Hamar Media, men styret i Storfjordnytt hadde ikkje gitt klarsignal til å gå i gang.
– Dei ønskte å bruke meir tid på avgjersla, seier Maurstad.
Då pandemisituasjonen var ein realitet, sende ho eit notat til styret.
– Eg skreiv at vi burde gjere dette no. I verste fall, om dette blir langvarig, frykta eg at vi kunne få problem med å distribuere papiret.
Storfjordnytt hadde ei enkel nettside der dei la ut viktig informasjon som dei meinte burde tilflyte alle. Eit viktig argument for ei skikkeleg nettavis var at det meir enn nokon gong var behov for å kunne leggje nokre saker med viktig informasjon ut ope, og fylle på med lukka saker for abonnentar. Det var også behov for å ha ein stad der dei kunne gje lesarane oppdatert informasjon. Meir enn nokon gong opplevde dei at sakene i papiravisa raskt kunne verte utdaterte. Maurstad trur dessutan at folk kjenner spesielt stort behov for nyheiter med lokale vinklingar i desse dagar.
Denne gongen sa styret straks ja. Maurstad tok kontakt med Hamar Media, og på halvanna veke var alt på plass.
– Då hadde eg allereie halde igjen nokre saker for å ha innhald til publisering i påsken. I tillegg synest medarbeidarane mine at dette har vore lideleg gøy, så det har gått veldig greitt å fylle på med stoff, seier ho.
Dei har mellom anna ringt rundt til lokale bedrifter for å høyre korleis dei har det. Det har gitt fleire positive historier, i tillegg til nokre saker om bedrifter som har det vanskeleg.
Redaksjonen har ikkje hatt tid til å lage ein publiseringsstrategi. Førebels har dei prioritert at nettsida er levande, og så får dei same sakene kome i papiravisa på torsdag.
Annonsekarusellar på plass
Storfjordnytt har ikkje hatt tid til å lage mykje blest om den nye nettavisa. Dei hadde ein notis i papiravisa straks styret gav klarsignal, der dei skreiv at nettavis var på veg og oppmoda folk om å sende dei e-postadressene sine for å få digital tilgang. Same dag som nettavisa vart publisert hadde dei ein leiar og eigenannonse.
Nettavisa har allereie to karusellar med annonsar. Dette er ikkje ei god tid for å selje nye annonsar, men avisa har laga ein karusell med framside- og baksideannonsene frå papiravisa, og ein med dei faste serviceannonsene. Slik får dei vist at dei har annonseplass, og kanskje kan dei seinare bruke nettannonseringa som argument for å auke prisen noko på dei faste annonsene.