FIRDAPOSTEN: Sommarvikarane Andreas Sørland og Dina Bovim har laga podkastserien «Ungdomsalibiet». Foto: Ungdomsalibiet
FIRDAPOSTEN: Sommarvikarane Andreas Sørland og Dina Bovim har laga podkastserien «Ungdomsalibiet». Foto: Ungdomsalibiet

Har du stilt unge kandidatar desse spørsmåla?

Avisa Hordaland og Firdaposten er spesielt nøgd med at dei har spurt unge om det kjekkaste eller vanskelegaste med å vera lokalpolitikar, og korleis det er å vera yngst.

Før valet har Firdaposten og avisa Hordaland løfta fram dei yngste kandidatane på listene. Vi har spurt kva spørsmål dei var ekstra nøgde med at dei stilte.

Det vanskelegaste med å vera politikar?

– Me likte spørsmålet som var om politikarane faktisk får gjort ein forskjell som lokalpolitikar, eller kva det kjekkaste/vanskelegaste med å vera lokalpolitikar er. Det var særleg på desse spørsmåla at me fekk konkrete, gode svar tilbake. Og supplert med dilemma-challenge for å få litt lettbeint futt i videoane, svarar Tonje Oliversen i avisa Hordaland.

Tonje Oliversen og Marit Folkedal Lussand har laga videoserien Unge til unge om politikk. I tillegg til spørsmål om dei viktigaste lokalsakene og kvifor unge bør stemma, hadde dei altså dilemma-spørsmål som «ikkje kunna telja eller ikkje kunna lesa» eller «fint hus med stygg utsikt eller stygt hus med fin utsikt».

Kandidatane vart også utfordra til å forklara eit tørt politisk ord medan dei åt chili, lime eller jalapeño.

Korleis er det å vera yngst?

I Firdaposten har avisa sine to sommarvikarar Dina Bovim og Andreas Sørland laga podkastserien «Ungdomsalibiet».

– Det var interessant å få vita korleis det er å kome inn som yngst, korleis dei har blitt tatt i mot i sitt lokallag, og korleis dei trivst med å vera yngst, om dei føler at dei sit i eit gubbevelde eller ikkje. Eg vart overraska over variasjonen i svar. Dei hadde ulike erfaringar, og det var spennande å få fram, seier Dina Bovim.

Journalistane ville bora litt i kva som får unge til å gå inn i lokalpolitikken.
De hadde også fem kjappe for å bli litt kjent med kandidatane, som:
  • Favorittserie?
  • Kven ville du hatt med deg på ei øde øy?
  • Draumeyrke?
  • Om du var diktator i kommunen for ein dag, kva ville du gjort?

Dina føler at dei gjennom serien klarte å få fram at ein ikkje treng å vera ein spesiell type for å vera politisk aktiv.

– Nokon av dei unge på listene er broilerar, nokon engasjerer seg fordi dei ønskjer ei endring, andre har berre tenkt at det kunne vera spennande, seier ho.