Det er snart eit år sidan Olha Fil (40) frå Ukraina flykta til Norge og sidan vart busett i Vestnes. Foto: Trine Aas-Risvik, Vestnesavisa
Det er snart eit år sidan Olha Fil (40) frå Ukraina flykta til Norge og sidan vart busett i Vestnes. Foto: Trine Aas-Risvik, Vestnesavisa

God nytte av ukrainsk journalist

Journalist Olha Fil har 20 års journalisterfaring frå Ukraina. No har ho språkpraksis i Vestnesavisa.

Tidlegare har Olha Fil leia radioprogram og hatt rolla som nyheitsanker i ei mediebedrift. Dei siste ti åra arbeidde ho som journalist i ei lokalavis med namnet Trudova Slava. Ei avis som har om lag 5.000 abonnentar og kjem ut ein gong i veka, akkurat som Vestnesavisa. Måten å arbeide på var også ganske lik, skriv Vestnesavisa i ei eiga sak.

Redaktør Torstein Sønstabø i Vestnesavisa merka godt at det nye tilskotet til redaksjonen hadde relevant erfaring. Det tok ikkje lange tida før ho arbeidde sjølvstendig. Ho omset tekstar frå norsk til ukrainsk, og er også ute og lager eigne saker. Ho skriv både på norsk og ukrainsk. I den første saka ho skreiv på norsk, var det berre nokre få ord å korrigere.

– Det var feil som eg kunne gjort sjølv også, seier Sønstabø, som brukar langt mindre tid enn han hadde trudd på å hjelpe journalisten han har i praksis.

Avisa har fått mange positive tilbakemeldingar på det dei har publisert av Fils stoff hittil.

Sønstabø håpar den ukrainske journalisten kan vere ein isbrytar i det ukrainske miljøet. Han anslår at det bur 40-50 ukrainske familiar i Vestnes. Hittil har språket vore ei utfordring når dei har intervjua ukrainarar, og dei har hatt behov for å bruke tolk.

Fil jobbar tre ettermiddagar i veka. Førebels skal ho vere i Vestnesavisa ut november, i språkpraksis gjennom NAV sitt introduksjonsprogram.

Dei ukrainske sakene ligg i ein eigen seksjon på nett, og har ei fast side i papiravisa. (Skjemdump frå Vestnesavisa.no)