Frå annonsesal til abonnementssal

I desse tider der annonsebestillingane uteblir, må lokalavisenes marknadsmedarbeidarar kaste seg over nye oppgåver. Hos Bø blad er den eine annonseseljaren i gong med abonnementssal.

Dei tilsette i Bø blad F.v. Øystein Akselberg (journalist), Åsne Mæland (journalist), Rune Digranes Bøen (salsansvarleg), Gro Røiland (journalist), Synnøve Sudbø Kleppe (marknadsmedarbeidar), Dag Einar Hvitsand (grafikar), Marta Kjøllesdal (journalist). Framme redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje. (Arkivfoto)

– Mars og april er normalt svært gode annonsemånader for oss, men slik blir det jo ikkje i år. Så langt har vi måtte avlyse to aviser med bilag. Derfor har vår eine seljar byrja å ringe mogelege nye abonnentar i kommunen vår. Når vi er ferdig med denne vekas papirutgåve, reknar eg med at vi vil bruke to-tre dagar i veka til denne type abonnementssal, seier dagleg leiar og redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad.

Avisa kjem ut på papir kvar fredag og er i tillegg aktive på nett, etter at dei i desember fekk ny nettavis. Total-opplaget er ca 2500.

Fredag trykker avisa også den første eigenannonsen der gode ambassadører for Bø blad stiller opp. Avisa har fått med seg både tidlegare og noverande ordførar, ein vokalist i eit lokalt band, ein hoteldirektør og ikkje minst ungdomar i og utanfor heimbygda.

– Vi bruker nye folk, både kjente og ukjente, men nok profilerte til at mange veit kven dei er, seier Hilde Eika Nesje. Redaktøren i Bø har også lyst til å få lagt små videosnuttar som kan brukast i sosiale medium og i eiga nettavis.

– Dei fleste har medarbeidarar eller ungdomar rundt seg som har teknisk kompetanse på slikt, og som kan bidra. Kanskje også LLA kunne ha sydd saman ein videosnutt som vi i lokalavisene kan bygge vidare på, spør Eika Nesje.

Slik er Bø blad si første annonse i papirutgåva fredag: