Hallingdolen-videomagasin

Fekk digitalpris for videomagasin

Hallingdølen fekk LLA-prisen for årets digitale satsing 2017 for videomagasinet.

Prisen var basert på videomagasinet frå november 2017.

Videomagasinet er eit fast magasin på Hallingdølens nettsider kvar månad. Der samlar dei aktuelle reportasjar og service knytt til kino- og kulturtilbodet i Hallingdal. I novemberutgåva fekk folk mellom anna møte Stein Torleif Bjella som poet.

Videomagasinet har hatt mange sjåarar, på det meste har 40.000 vore innom og kikka. Det er det dobbelte av folketalet i Hallingdal.

Hallingdølen har brukt virtuelt studio til Videomagasinet. Dette er noko dei har testa ut gjennom eit EU-prosjekt som dei har vore med i.

Juryen skriv:

Videomagasinet som Hallingdølen presenterer kvar månad er eit solid stykke handverk. Det er imponerande høg kvalitet på produksjon, studio, vignettar, innhald og programleiing. Prisen vert delt ut med utgangspunkt i magasinet for november 2017. Her kjem namnet på magasinet absolutt til sin rett. Magasinet blir drive av kvar dei gode bileta er. Dei hentar klipp frå filmtrailerar og prioriterer fine reportasjar der dei gode bileta er essensielle. Videomagasinet har god kontakt med sjåarane via ein konkurranse om det beste biletet i sosiale medium, og rundar konkurransen elegant av med ein videoreportasje med vinnaren. For sjåaren er magasinet lett å orientere seg i med «bokmerker» dersom ein ikkje ønskjer å sjå heile magasinet. Dette er eit solid produkt frå Hallingdølen!