Hordaland-Folkeblad-video

Eigenreklame-video som treffer midt i hjarterota

Hordaland Folkeblad takkar lesarane for tilliten med ein video som vekker kjensler hjå folk frå Kvam og Jondal.

Med korte videoklipp viser dei fram landskap og folk i ulike kvardagssituasjonar. Sett saman med musikk og noko voice-over vert det eit flott bygdeportrett.
Sjå videoen her.
– Målet var å reklamera litt for dei nye nettsidene våre som kjem i februar og samstundes pirka litt i hjarterota til folk. Det har me inntrykk av at me har fått til, fortel redaktør Camilla Skaar Ljones.
Ho og grafisk designar Kristina Sofie Kvåle har brukt omlag tre veker på prosjektet. Dei har vore rundt i heile kommunen og besøkt mange arbeids- og møteplassar for å ta opptak til videoen. I tillegg har dei kjøpt dronevideo av Fjord Film som består av tre gutar ved ein lokal privat vidaregåande skule.

Dei var litt usikre på om den fem minuttar lange filmen var for lang, men etter publisering kan dei konkludera med at det var han ikkje. Dei har fått mange kjekke tilbakemeldingar, og fleire melder at dei har sett filmen mange gonger. Blant anna ei jente som studerer i Sogndal og muligens lengtar i overkant heim til jul. Ho fortalde at ho såg filmen seks gonger om dagen(!)

Etter ti dagar hadde filmen nådd omlag 16.500 personar, hatt 991 kommentarar/likes/delingar og 3621 klikk på innlegg, 8198 unike sjåarar og vore sett i 12.565 minuttar.