Omid Ebrahimi skal studere folks pyskiske helse under koronakrisa.  Foto: Nora Paulsen Skjerdingstad
Omid Ebrahimi skal studere folks pyskiske helse under koronakrisa. Foto: Nora Paulsen Skjerdingstad

Deler sak om forskning på psykisk helse under pandemien

Ein forskar frå Florø skal undersøke korleis koronakrisa tærer på den psykiske helsa, og treng svar frå folk i distrikta. Firdaposten deler saka med andre lokalaviser.

– Hjelp oss med ei heilt unik datainnsamling så vi kan betre folks psykiske helse i krisetider, oppmodar Omid Ebrahimi i ei sak i Firdaposten. Saka kan fritt brukast av alle LLA-aviser.

Universitetet i Oslo (UiO) sparkar i gang ei stor korona-gransking over heile landet. Målet er å sjå korleis ein pandemi tærer på nordmenn sin psyke – og med det folk si evne til å følgje opp styremaktene sine råd og vedtak. Dei har fått inn mange respondentar, men manglar folk frå distrikta. Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee vil derfor dele saka om forskningsprosjektet med LLA-avisene.

– Redaksjonane kan bruke og klippe frå saka vår, men det er viktig at dei får med lenka der folk kan delta i undersøkinga, seier han.

Her kan du laste ned store bilete til saka:

Stipendiat Omid Ebrahimi

Professor Asle Hoffart

Førsteamanuensis Sverre Urnes Johnson