Ressursmangel er ei kjend utfordring innan helse og omsorg. Er det verksemder med ekstra høgt sjukefråvær, kan det vera verdt ein ekstra sjekk av arbeidstilhøva.
Journalist Inga Øygard Jaastad i Hardanger Folkeblad kjende til at det var utfordringar ved eit bufellesskap, og at Arbeidstilsynet skulle ha tilsyn. Derfor var ho klar til å søkja innsyn så snart rapporten kom. Ho fekk fullt innsyn, og kunne dermed skriva at Arbeidstilsynet varsla fem pålegg (+) som gjeld brot på ulike paragrafar i arbeidsmiljølova.
Tilsynet skreiv mest om behovet for kartlegging og risikovurdering av psykiske plager. «For få ansatte på jobb og emosjonell dissonans som følge av at de får for liten tid til arbeidsoppgavene,» vart det mellom anna skildra i rapporten.
Fekk tilsette i tale
Etter saka om tilsynet, vart Jaastad kontakta av tilsette ved bufellesskapet. Andre kontakta ho sjølv. Det var då ho fekk høyra dei mest alvorlege historiene.
– Nokon måtte eg jobba litt meir med for å få dei i tale. Det var dei som hadde mest inngåande kunnskap og vegde tyngst som kjelder, seier ho.
Det hjelpte på tilliten at journalisten og kjeldene hadde felles kjende. For å få dei til å stilla opp lova ho dei full anonymitet, og at ho ikkje skulle skildra situasjonar som gjorde at dei kunne bli identifisert.
I staden for å skriva om enkelthendingar, samanfatta ho informasjonen ho fekk frå dei tilsette til ei oppsummering av kritikkverdige forhold; mellom anna om ei leiing som mobbar, truar, baksnakkar og straffar tilsette. Fleire skal ha slutta på grunn av leiinga og arbeidsmiljøet.
Leiinga vedkjenner i Hardanger Folkeblad at dei har høgt sjukefråvær, som gjer auka press på dei tilsette, men ikkje at dei skal ha mobba, trua og straffa tilsette.
Uroa pårørande
I to saker fortel pårørande at dei er uroa for at familiemedlemane deira ikkje får det dei treng av hjelp og tilsyn. Dei nemner fleire døme på manglar som dei trur skuldast ressursmangel.
Jaastad har intervjua HR-sjefen i kommunen og ordføraren, som seier at saka vert følgt opp i tett samarbeid med dei tilsette og leiinga.
– Eg har inntrykk av at det kanskje ikkje er tatt så alvorleg som det burde, seier Jaastad, som håpar ho finn nye moment å følgja opp saka med.