Fjt-valsaker

Nøye planlegging ga brei valdekning

Mange lokalaviser hadde ei fyldig og god dekning av valkvelden. Fjordenes Tidende hadde truleg det aller høgaste talet saker.

Mange lokalaviser hadde ei fyldig og god dekning av valkvelden. Fjordenes Tidende hadde truleg det aller høgaste talet saker.

Vi i LLA-sekretariatet kom ut av tellinga, men Fjordenes Tidende publiserte truleg ein stad mellom 30 og 40 saker i løpet av valkvelden. Det klarte dei trass i at dei er underbemanna medan dei ventar på to nye tilsette.

– Før helga planla vi det veldig godt. Då vi kom på jobb måndag morgon visste alle kvar dei skulle vere til ei kvar tid, og kva kvar enkelt skulle gjere. Vi hadde folk ute i vallokala og på valvaker, og to-tre personar sat inne og oppdaterte på nett. Då det begynte å utvikle seg ringde vi til nøkkelpersonar, fortel redaktør Erling Wåge.

Totalt var det fem personar som jobba til klokka to om natta. Tysdag kjøpte dei inn god mat og held fram med å intervjue vinnarar og taparar og lage nye saker.

– Alle har gjort ein utruleg innsats, seier redaktøren.

Årets val var spesielt for Fjordenes Tidende, som dekker fleire samanslåingskommunar, mellom anna Vågsøy som vert slått saman med Flora til det som er blitt kalla landets raraste kommune, Kinn. Bremanger som ligg midt mellom Vågsøy og Flora er nemleg ikkje med på samanslåinga. Fjordenes Tidende valde å sende ein journalist med båt til Florø for å få ei god dekning av valet i den nye kommunen.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar på dekninga vår, og ser at lesarane var like interesserte i å lese om naboane som om seg sjølve, seier Wåge.

Lesartala omtalar han som eventyrlege. Vanlegvis ligg avisa på rundt 5000 unike brukarar på ein dag. Måndag hadde dei 10.300, tysdag 12.000. Kvar brukar har mange sidevisningar. Sakene har også gitt 12 nye abonnentar.

Les meir om Fjordenes Tidende.