Bergit

Bergit (36) skal leia det store samarbeidsprosjektet

Ein gong på nyåret blir det store samarbeidsprosjekt mellom NRK, LLA og SUJO sparka ordentleg i gang, frå NRK skal Bergit Sønstebø Svendseid (36), leia prosjektet.

Under konferansen til LLA, lokal & digital vart samarbeidsprosjektet mellom dei tre partane presentert. Eit stort innhaldsprosjekt som NRK og LLA sine aviser vert inviterte til å vera med på.

Prosjektleiar Bergit Sønstebø Svendseid (36), bur i Bergen. Oppvaksen i  Drangedal i Telemark. Ho starta som journalist med sommarjobb i Drangedalsposten, og har etter det jobba både i NRK, som frilansar og i ulike organisasjonar. No er ho vaktsjef og reporter i NRK Vestland i Bergen.

Til LLA seier Svendseid at ho gler seg til eit halvår som prosjektleiar frå NRK si side for dette prosjektet, og til å sjå kva saker lokalavisene kjem opp med om konsekvensane mellom anna av flyttemønstera i Norge.

– Eg håper at vi saman kan få til journalistikk som gjer at folk forstår meir av korleis dette påverkar heimstadene våre, og som skaper debatt både lokalt og nasjonalt.

Om nokon har innspel er det berre å kontakt: bergit.sonstebo.svendseid@nrk.no

Dersom det er LLA aviser som alt no veit dei vil vera med på prosjektet, kan dei senda ein epost til tomas@lla.no og melda frå om det.

Det vil jamleg koma meir informasjon om prosjektet når det nærmar seg oppstart.