Det er klart etter anbudsrunden for avisomdeling der Posten sjølv får anbudet måndag til fredag i heile Norge, samstundes som avisbransjens eige selskap, Aktiv Norgesdistribusjon AS, får anbudet for laurdagar i heile landet.
Styreleiar Øystein Øygarden (bildet) i Landslaget for lokalaviser (LLA) kommenterer anbudstildelinga slik:
– Det aller viktigaste er at det viste seg muleg å få ei til løysing med avisdistribusjon alle dagar innanfor den ramma Stortinget har gitt.
– Avisene må uansett nytte budselskap der dei går, altså i tillegg til Posten på kvardagar, seier LLAs styreleiar. Han reknar med at det vil ta litt tid å få full oversikt over konsekvensane av endringane frå 1. juli.
– Vi set pris på at samferdselsdepartementet og Stortinget lytta til LLA og dei andre avisorganisasjonane og løyvde pengar til ei kompensasjonsordning slik at alle abonnentar framleis får papiravisa, seier Øystein Øygarden.
På Samferdsledepartementet sine nettsider kan du lese regjeringa si pressemelding om avisomdelinga frå sommaren av.