Fjordenes Tidende står midt oppe i to store kommunesamanslåingar, det som skal bli Stad kommune og Kinn kommune. Den eine kommunesamanslåinga er omtalt som Norges raraste kommune der store Bremanger ligg midt imellom. Vågsøy og Flora slår seg saman til nettopp Kinn kommune. I begge dei nye kommunane blir det to lokalaviser, oss pluss Fjordabladet i eine og oss pluss Firdaposten i den andre. Samstundes blir vi ein del av nye store Vestland fylke, fortel redaktør Erling Waage.
Mange har spurd: Skal Fjordenes Tidende forandre seg og i tilfelle korleis?