Skandinavisk heider til lokalavisene

To lokalaviser i LLA-familien får heider og ære frå The Scandinavian News Design: Hallingdølen får èin medalje og to heiderlege omtalar. Kvinnheringen skal henta heim ein heiderleg omtale.

 Villrein

Hallingdølens medaljeside: Villreinen.

 

Totalt har SNDS delt ut 69 prisar fordelt på 11 kategoriar. To norske lokalaviser er altså med i det gode selskapet i år.

Hallingdølen sin redaktør Bjarne Tormodsgard er naturleg nok strålande fornøgd:

– For det fyrste er det ekstra kjekt at me har vunne nok ein medalje. Men det eg set aller høgast, er prisen for Overall design. Denne prisen heng svært høgt. Her er fleire utgåver vurdert og det er gjort ei heilskapsvurdering av heile avisproduktet. At me nådde opp i denne klassen, er i realiteten ei stor rose til alle tilsette i Hallingdølen. Også synest eg det er ekstra kjekt at Kvinnheringen nådde opp i kategorien Frontpages. Her er det knallhard konkurranse og mange innsendte bidrag, seier Tormodsgard til LLA-weben.

 

Utdrag frå vinnarlista:

Frontpages – fire prisvinnarar

Kvinnheringen, heiderleg omtale

Dei andre vinnarane i denne kategorien er:

Aamulehti, Finland, medalje

Dagbladet Informationen, Danmark,  heiderleg omtale

Jyllands-Posten, Danmark, heiderleg omtale

 

Overall design – fem prisvinnarar

Hallingdølen, heiderleg omtale

Dei andre vinnarane i denne kategorien er:

Politiken, Danmark, medalje

Dagens Nyheter, Sverige, medalje

Svenska Dagbladet, Sverige, heiderleg omtale

Morgenbladet, Norge, heiderleg omtale

 

Localpages – tre prisvinnarar og fire prisar:

Hallingdølen, 1 medalje og 1 heiderleg omtale

Dei andre vinnarane i denne kategorien er:

Dagens Nyheter, Sverige, medalje

Upsala Nya Tidning, Sverige, heiderleg omtale

 

Nokre andre fakta:

Norske aviser henta heim totalt 15 prisar. Andre norske aviser som er honorert er Bergens Tidende, Dagens Næringsliv D2, Dagbladet Magasinet og Morgenbladet.

Mestvinnande avis vart Dagens Nyheter, Sve, med  heile 11 prisar. Totalt er det delt ut 19 medaljar. Valøren på desse blir ikkje gjort kjent før under prisutdelinga i oktober i København. 

Link til SNDS sine nettsider.

Kjeringkjaften

Hallingdølens heiderlege omtale: På line over Kjeringkjaften.

 

Kvh

Kvinnheringens heiderlege omtale: Kvallitetten