Går med nullmoms til ESA

I dag møtte mediebransjen kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturministermote1

LLA og dei andre presseorganisasjonane møtte kulturministeren for å få ei orientering om det vidare arbeidet med å få 0-moms på digitalt innhald.

– Vi fekk ein god samtale med kulturminister Thorhild Widvey om prosessen vidare med momssaka. Det var tydeleg tale om at det er 0-moms digitalt som er målet i arbeidet inn mot ESA. Det blir arbeidd raskt med saka, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.  

Widvey fortalde at arbeidet inn mot ESA blir gjort som eit samarbeid mellom Kulturdepartementet, Finansdepartementet og Næringsdepartementet. 

Representantane frå mediebransjen tilbaud seg å bidra i prosessen om ønskeleg, med dokumentasjon og argumentasjon overfor ESA, både om grunngjeving for momsfritaket og i spørsmålet om avgrensing.

– Nå er vi optimistiske, og så er det utruleg spennande, seier Hetland.