laptop with coffee cup  and smart phone,newspaper on wood table
laptop with coffee cup and smart phone,newspaper on wood tableBilde 1 av 1

Søknadsfrist utsett

Søknadsfristen for å søke innovasjonsmidlar hos Medietilsynet er utsett frå 13. til 20. januar.

 

20. januar er no fristen for å søka om innovasjonsmidlar. Det ligg fyldig informasjon om dette på Medietilsynet sine heimesider. Det er viktig å få med seg at det ligg 20,25 millionar i potten som skal delast ut, og tilskotet skal i særleg grad gå til små lokale medium. Aviser som er særleg råka av postlova stiller òg sterkt i søknadsprosessen.

Dersom nokon har spørsmål eller vil ha hjelp i søknadsprosessen er det det berre å ta kontakt med Tomas Bruvik tomas@lla.no eller ringa på tlf: 41108523.

Meir om søknad og søknadsprosess finn du her.

Om kort tid går og fristen til å søka om midlar til undersøkande og gravande journalistikk hos Fritt Ord. Her er fristen 10. januar. Vi oppmodar avisene om å nytta sjansen og søka begge stader.