Dette er ein årleg rapport som tek for seg dei digitale nyhendemediene i heile verda. Universitetet i Bergen ved Janne Bjørgan, Maria Thomassen og Hallvard Moe har laga ein eigen rapport om korleis det er i Norge, finansiert av Fritt Ord. Hallvard Moe presenterte dei norske tala under framlegginga.
Rapporten syner at det er relativt få endringar sidan året før, men han kunne slå fast ein ting, nordmenn elskar lokale nyhende, men det betyr ikkje at utfordringane ikkje er der.
Rapporten Nyhetsbruk viser at lokalavisene i Noreg held fram med å spele ei svært viktig rolle i befolkninga si mediebruk. Lokalmedier er framleis den klart mest føretrekte kjelda for informasjon om hendingar, politikk, kultur og idrett i nærmiljøet. Dette skil Noreg frå mange andre land, der digitale plattformer og sosiale medium i større grad har teke over som primærkjelde også for lokale nyheiter.
I Noreg viser tala at 87 prosent av befolkninga er interesserte i lokale nyheiter. 46 prosent seier dei er «ekstremt» eller «svært interesserte», medan 41 prosent oppgir at dei er «litt interesserte». Berre 11 prosent seier dei ikkje er interesserte. Med andre ord har lokalavisene ei svært sterk forankring det norske mediebiletet.
Det er og tydeleg at lokalavisene ikkje berre bidreg med informasjon, men også med identitet og samhald i lokalsamfunna. Dei tilbyr nyheiter som rører folk i kvardagen: politikk, ulukker, kulturarrangement, idrett og notisar om livshendingar som fødslar og dødsfall. Desse stofftypane er med på å binde folk saman og skape ei delt oppleving av kva som skjer i nærområdet. Heller ikkje overraskande syner rapporten at lokalavisene har tapt terreng innan visse informasjonskategoriar som rubrikkannonser og ein del praktisk informasjon.
Rapporten viser at dei yngste (18 – 24 år) i større grad hentar nyheiter frå digitale plattformer som sosiale medium og søkemotorar. Unge menneske føretrekk plattformer for nesten alle stofftypar, men interessant er det å lesa at det er to viktige unntak: lokalidrett og lokalpolitikk. Her rangerer lokalaviser like høgt eller høgare enn sosiale medium.
Lokalavisene har framleis har ein sterk posisjon der dei klarer å formidle noko unikt særleg på område som krev lokalkunnskap, som dekning av det lokale idrettslivet eller kommunepolitikken.
Her kan du lese den norske rapporten
NORSK REUTERS RAPPORT Brukermønstre for digitale nyheter 2025