For veldig mange står dagens Trondheim fram som teknologihovudstaden i Norge. Når rundt 200 avismedarbeidarar inntar byen i slutten av mars, er det nettopp teknologi og digitalisering i mediebransjen som skal prege LLA og lokalavisenes landsmøte. Førebels program, og invitasjon til aviskonkurransane, blir lagt ut om eit par veker.
– Alt i dag opnar vi for påmelding via konferansesidene våre. Lokalavisene og øvrige bransjefolk veit jo at LLA alltid syr saman eit program som både er matnyttig og inspirerande. Dessutan veit vi at mange kjem eins ærend til LLAs landsmøte fordi det er blitt årets møteplass der lokalavisene hentar idear og inspirasjon gjennom samvær med kollegaer frå heile Norge. Vi tør love nyttige og kjekke dagar også i 2025, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet).
– Alle som melder seg på før nyttårsafta, får 500 kroner i rabatt på pakkeprisen frå fredagen til søndagen. Det er derfor like godt å kjenne si besøkelsetid i god tid før jul, seier Bruvik. Han minner også om at Trondheim har gode flyforbindelser, og at flyselskapa har mange rimelege billettar i desse dagar.
Offisiell landsmøteopning er fredag 28. mars, truleg klokka 11.30. Då er det fellesprogram for alle saman, før det blir parallelle fagsesjonar både med redaksjonelt- og markedspreg resten av dagen. LLAs formelle årsmøte, mest for daglege leiarar og redaktørar, starter klokka 10.00 fredagen.
– Merk at vi dagen før dagen, torsdag 27. mars, inviterer til et tre timars redaktør-kurs med Arne Jensen. Starter med lunsj kl 11.30, kursstart kl 12.00. Påmelding her.
– Derfor reknar vi med at mange kjem i løpet av torsdagen. Alle bør vere på plass på landsmøtehotellet seinast i 11-tida fredag 28. mars. Då er vi godt i gang med minglinga og teknologi-leverandørane riggar seg til, seier LLAs generalsekretær.
Årets landsmøtehotell er Radisson Blu Royal Garden, ein halvtimes kjøretur unna Trondheim Lufthavn Værnes. Også hotellreservasjonen tar du gjennom LLAs konferansesider når du melder deg på.
Som vanleg blir LLA og lokalavisenes landsmøte avrunda lørdag kveld med festmiddag, gjeve prisutdelingar og i år konsert med eitt av Norges beste cover-band; Melody Market!
– LLAs styre og sekretariat gler seg til å helse lokalavisene og bransjekollegaer velkommen til landsmøtet 2025. Teknologimiljøet i historiske og vakre Trondheim blir ei fin ramme rundt det som er årets høgdepunkt for mange avisfolk. Hjarteleg på gjensyn.