Det var LLAs generalsekretær Tomas Bruvik og SUJOs leiar Kristine Holmelid (bildet) som onsdag fekk møte kulturkomiteen i den danske riksforsamlinga Folketinget. Formålet med møtet var å diskutere korleis gravejournalistikken kan styrkast også i Danmark, blant anna med erfaringar frå Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og Landslaget for lokalaviser (LLA). Danskene ser på Norge som eit foregangsland på dette området.
Dei danske mediepolitikarane ville også vite meir om lokalavisenes arbeid med kritisk journalistikk og lokalavisenes rolle for å bevare eit godt demokrati.
I løpet av den 1,5 time lange høyringa fekk LLAs Tomas Bruvik presentere Samarbeidsdesken – som LLA, SUJO og NRK står bak.
– Det var ei glede å bli invitert til Folketinget for å fortelle om korleis vi samarbeider, og om bakgrunnen for kvifor norske lokalaviser klarer seg bra, seier LLAs generalsekretær.
I tillegg til LLA og SUJO deltok Bruno Ingemann, Gravercentret, Michael Kjær, redaktør i SønderborgNyt og Steffen Glaas, adm. direktør i Herlev Bladet.