120 aviser! Aldri har så mange avisbedrifter vore tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA). Eit par år før den store jubileumsfeiringa på Voss, er den nye rekorden inspirerande for heile lokalavisfamilien, inkludert LLAs styre og sekretariat. Generalsekretær Tomas Bruvik er blant dei som gler seg over at lokalavisene ser nytten av å vere med i LLA:
– Heilt sidan LLA blei etablert for snart 50 år sidan, har vi jobba aktivt og godt med pressepolitikk og rammevilkår. Gjennom åra har vi fått mange viktige gjennomslag. I tillegg ser fleire og fleire aviser at LLA tilbyr faglege samlingar der lokalavisene kjem saman for å gjere kvarandre betre. Når vi kan toppe dette med matnyttige prosjekt som lokalavisene har glede av i kvardagen, så ser det ut som vi har ein pakke som lokalavisene set stor pris på, seier Bruvik. I desse dagar er LLAs generalsekretær særleg glad for at Samarbeidsdesken er oppe og går.
Desken blei initiert av Vest-Telemark blad og ei rekke andre lokalaviser, og drives som eit samarbeid mellom LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO). Desken leverer kvalitetssjekka «halvfabrikata»; data, dataanalyser og ekspertintervjuer. Deretter ferdigstiller lokalavisene sakene og setter sitt særpreg.
Samarbeidsdesken held til på Media City Senter i Bergen og er leia av NRKs Christian Lura. LLAs prosjektmedarbeidarar Maja M. Aarbakke og Øivind Skjervheim (bildet) tar seg av den daglege produksjonen og analysearbeidet. Før helga gav dei LLA-sekretariatet ein lovande «løyperapport»:
Tal, analyser og saker om den ukrainske flyktningbølgja er Samarbeidsdeskens første arbeid. Mange aviser har alt tatt i bruk råmateriellet og laga spennande saker frå eigne nærmiljø. Alt ligg til rettes for at fleire og nye aviser kan ta opp tråden når det måtte passe.
– Vi har også lukkast med «Mattilsynsbotten». Når Mattilsynet gjer eit restauranttilsyn i nedslagsfeltet til ei av avisene, får redaksjonene ein e-post frå Samarbeidsdesken om morgonen. Dette er godt avisstoff når lokale serveringsplasser får smilefjes, eller råd om å rette opp i feil. Sidan mai har vi varsla rundt 50 lokalaviser om over 200 tilsyn, seier Maja M. Aarbakke og Øivind Skjervheim. Før sommaren rullar dei også ut to nye researchpakker og journalistikk; om lottospeling og om etterkomarane frå Titanic-forliset. 31 nordmenn var ombord.
– Etter sommaren byr vi på ei ny og større satsing; om sjølvmord. Dette er eit stort folkehelseproblem. Kvart år døyr rundt 650 menneske i sjølvmord. I september rullar vi ut analyser, råmateriell og journalistikk som lokalavisene kan bygge vidare på, seier Maja M. Aarbakke og Øivind Skjervheim. Som vanleg inviterer dei til seminar på nett før sakene kan publiserast.
I tillegg skal NRKs ungdomsredaksjon lage videoar som også lokalavisene kan bruke, seier Aarbakke og Skjervheim. LLA-aviser som så langt ikkje har hekta seg på Samarbeidsdesken, kan ta kontakt med Aarbakke, Skjervheim – eller LLAs Laila Borge, som også held til i Bergen.
Til høsten ønskjer LLA også velkommen til ein ny og nyttig runde med Lokal & digital-konferanse; frå tidleg torsdag ettermiddag 31. oktober og heile fredag 1. november. I år drar vi tilbake til Clarion Hotel Bergen Airport. Med rekordmange medlemsaviser i LLA-familien, håper og trur vi på eit nyttig og hyggeleg døgn på Flesland.