Det sa LLAs styreleiar Øystein Øygarden og nestleiar Lillian Holden då dei onsdag var i høyring hos Familie- og kulturkomiteeen (bildet) på Stortinget. Saman med øvrige presseorganisasjonar snakka Landslaget for lokalaviser (LLA) om kor viktig det er med gode og trygge rammevilkår for redaktørstyrte medier i ei tid med mykje desinformasjon. Øygarden og Holden streka under at det er lokalavisene som følgjer lokalsamfunnet tett og lager journalistikk om politikk, næringsliv og lagsliv.
Generalsekretær Tomas Bruvik var også med i LLAs delegasjon.
Etter møtet i kulturkomiteen, var LLAs Øystein Øygarden og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite.
Her sa LLA-duoen blant anna at god avisdistribusjon er heilt nødvendig for at lokalavisene skal koma i mål med å gjera lesarane heildigitale.
Dette sa Øystein Øygarden og Lillian Holden til kulturkomiteen:
«Ei lita påminning; Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet og førstelinje i kampen for fakta og mot desinformasjon i samfunnet. Mediepolitikk handlar altså om kva samfunn me vil ha.
Journalistikk kostar både tid og pengar.
I Telemark er det ti lokalaviser. Ni av dei dekker den eine halvdelen av fylket. Vest-Telemark blad dekker den andre. Det tek 2,5 time ein veg for helgevakta å køyre frå Treungen til Haukeli.
I praksis er det berre Vest-Telemark blad som kan følgje tett og lage journalistikk om politikk, næringsliv, lagsliv; ja alt som er viktig for livet til den enkelte vesttele og for dei som har flytta ut. Og det er ikkje me som slit mest; det gjer dei som har fattigare næringsliv og færre innbyggarar til å betale for innhaldet.
Dei avisene er det mange av; og dei gjer ein fantastisk jobb kvar einaste dag ut frå sine føresetnader. Dekkon har medverka til at lokalavisene har fått eit løft dei siste fem-seks åra og me veit dekkon set pris på lokalavisene og jobben me gjer. Dekkon skal vite at det dekkon seier og gjer i handling er med på å bidra til levande lokalsamfunn gjennom lokalavisene.
Likevel er me stolte over det vi får til med små ressursar; ikkje minst gjennom samarbeidet alle me lokalaviser har starta saman med Senter for undersøkande journalistikk og NRK.
Samarbeidsdesken er etablert av LLA og er eit samarbeid mellom lokalavisene, NRK og SuJo – og har blitt et redskap for å løfte journalistikken. Samarbeidsdesken grev fram fakta, i tal og tekst. Etter vel halvtanna års drift har 100 lokalaviser levert over 500 hundre unike saker om tema som flyktningar frå Ukraina, sjølvmord, gjeld, ung kriminalitet, stortingsval, autisme for å nemne noe av det.
Dette handlar om å ta samfunnsoppdraget på alvor.
Det ligg no inn ei støtte til samarbeidsdesken, det er uvurderleg viktig for oss, og er med å sikra at vi kan driva vidare. For som anna støtte til lokalavisene så får samfunnet verkeleg mykje att for det som går til lokalavisene, vi håpar inderleg at Denne posten følgjer med vidare når budsjettet skal vedtakast.
Vi må og legga til at vi støtter NJ sterkt med omsyn til auke i innovasjonstøtte, og viser til Norsk Journalistlag si høyringsuttale. Særleg viktig er det at det blir sett av midlar til ung-satsing. Å nå dei unge er ikkje berre ei utfordring for dei store mediehusa, men også for mange av LLA sine medlemmar. Og sjølsagt, så ønsker vi også et løft i produksjonsstøtte. Det trengs.
Takk for merksemda og lukke til med krevjande budsjettarbeid!»
Øystein Øygarden og LLAs innlegg i transport- og kommunikasjonskomiteen:
«Takk for at me fekk koma for å igjen snakke om noko som framleis er svært viktig for avisene; nemleg distribusjon av papiravisene.
Me lever alle vårt liv lokalt. Lokalavisene landet rundt er grunnfjellet i mediemangfaldet. Lokalavisene er førstelinja i kampen for fakta og mot desinformasjon.
Men det er ikkje nok å lage godt innhald. Innhaldet er ikkje noko verdt før det når fram til lesarane. For dei som ikkje er digitale så betyr dette at papiravisa må koma i postkassene.
For kånn i Vest-Telemark blad er anbodet som sikrar avisdistribusjon heilt avgjerande for at avisa skal eksistere slik ho har gjort i meir enn 50 år. God distribusjonen av lokalavisa er nødvendig for at me skal koma i mål med å gjera lesarane heildigitale. For det er dit me skal, og me jobbar kvar dag med å digitalisere abonnentane.
I dei seks kommunane i Vest-Telemark er det ikkje lønsomt å levere papiravisa. Derfor er ikkje lenger avisbod å sjå i den store, grisgrendte geografien. Vest-Telemark blad er i dag lokalt 100 prosent avhengige av anbodet.
Framleis vil mange ha papiravisa. Og det er ikkje fordi me er sinker digitalt.
Per nå er om lag 45 prosent av abonnentane våre heildigitale. Papiret finansierer digitaliseringa. Av annonseinntektene kjem det aller, aller meste frå papiravisa.
I løpet av det siste halvtanna året har me utvida redaksjonen i VTB. Me har aldri hatt fleire journalistar. Det gjer at me kan gire opp digitaliseringa ytterlegare.
Men me må ha to tankar i hovudet samtidig – me skal gje vesttelane det som skjer når det skjer, men me må heller ikkje gløyme dei som ikkje er digitale. Dei som har gitt opp å skjønne forskjellen på app og nettlesar, på e-avis på og vtb.no og på Facebook og lokalavisa – dei som vil vera ein del av lokalsamfunnet, men som ikkje har noko alternativ til papiret.
Lokalavisene har ikkje lukkast med å få med seg papirinntektene over på det digitale. Og er heller ikkje nær ved å klare det.
Me er glade for at nytt anbod er ute og håpar på ei god løysing til ein fornuftig pris.
Som sagt – me jobbar kvar dag med å digitalisere lesarane våre – men papiravisa vil vera viktig også dei neste åra.
Kor lenge?
Det spørsmålet har eg fått like lenge som eg har jobba i avisa. Og eg har framleis ikkje svaret.»
Spørsmålsrunde i kulturkomiteen, med blant anna Øystein Øygarden og Lillian Holden (LLA), Per Brikt Olsen (Fagpressen) og Vibeke Fürst Haugen (NRK).
Frå høyringa i transport- og kommunikasjonskomiteen: Iselin Skum (t.v.) og Geir Wulff i Sálas – Samisk Forlegger og avisforening, Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening og Øystein Øygarden i Landslaget for lokalaviser.



