I går var to av Landslaget for lokalaviser (LLA) sine tillitsvalgte hos Stortingets familie- og kulturkomité. Der understreka styreleiar Øystein Øygarden og styremedlem Lillian Holden (bildene over) at journalistikk kostar – og at behovet for ytterlegare løft i pressestøtta vil vera stort dei komande åra.
– Lokalavisene har fått ein auke i produksjonsstøtta dei siste fem-seks åra, og me veit de set pris på lokalavisene og jobben me gjer. Det dykk seier og gjer i handling er med på å bidra til levande lokalsamfunn gjennom lokalavisene, sa Øygarden til kulturkomiteens medlemer.
Lillian Holden, som til dagleg er redaktør i Hallingdølen, sa blant anna at ho er glad for Samarbeidsdesken, der mange små lagar stor journalistikk:
– Me svært glade for at det i neste års statsbudsjett er sett av ein million kroner til desken. Til no har over 90 lokalaviser nytta seg av data frå Samarbeidsdesken som LLA, Senter for undersøkende journalistikk og NRK står bak.
– Me er så stolte av desken og har lyst til å invitera dykk til Bergen for å vise kva små pengar kan føre til av viktig journalistikk, la Holden til.
FrPs Silje Hjemdal slo til på strak arm, og skal vere med LLAs generalsekretær Tomas Bruvik til Medieklyngen i Bergen og Samarbeidsdesken alt i neste veke.
I dag onsdag var LLAs styreleiar Øystein Øygarden attende i Stortinget – no hos transport- og kommunikasjonskomiteen og med blant anna LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland ved si side. Også Sálas (Samisk forlegger- og avisforening) og MBL deltok i samme høyringa.
Alle tre organisasjonane fekk fram at det framleis er viktig å legge til rette for god distribusjon av avisenes papirutgåver, i og med at dei fleste mediebedrifter framleis er avhengige av annonse- og brukarinntektene også frå papir.
LLAs styreleiar Øystein Øygarden, som til dagleg er er redaktør i Vest-Telemark blad, oppfordra derfor transportkomiteen til å følgje opp anbodet som sikrar distribusjon av papiraviser i heile Norge:
– Me håpar det alt nå blir trykt på knappen som forlengar anbodet til 2026. Arbeidet med nytt anbod må koma i gang raskt, sa Øygarden.
Familie- og kulturkomiteens Silje Hjemdal (FrP) takka ja på strak arm til å besøke Samarbeidsdesken i neste veke. LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v.) og LLAs generalsekretær Tomas Bruvik er vertskap.
Høyring i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, der blant anna LLA, MBL og Sálas (Samisk forlegger- og avisforening) deltok i dag.
Rett før høyringa med avisorganisasjonane. Frå venstre Bjørn Wisted (MBL), Rune Hetland (LLA), Øystein Øygarden (LLA) og Randi S. Øgrey (MBL). Lengst til høgre Geir Wulff i Sálas Samisk forlegger- og avisforening.
God stemning i Stortingskorridorane før formell høyring i transport- og kommunikasjonskomiteen: Frå venstre Bjørn Wisted (MBL), Trond Helleland (Høgre), Randi S. Øgrey (MBL), Sigbjørn Gjelsvik (Sp og komiteleiar), Øystein Øygarden (LLA) og Rune Hetland (LLA).