LLA flytter prisutdelingane til juni

Årets prisutdelingar for lokalavisene er flytta til fredag 18. juni. Fortsatt blir avisene oppfordra til å lage eigne arrangement på avishusa, men no altså i juni i staden for mars.

Det er den svært uoversiktlege smittesituasjonen som gjer at styret i Landslaget for lokalaviser (LLA) har bestemt at årets prisutdeling dessverre må utsetjast ei stund til.

– Vi hadde lenge håpa at vi endeleg kunne få heidra og feira lokalavisene i mars, men vi har strengt tatt ikkje noko val; i lys av lokale smitteutbrot og den svært uoversiktlege situasjonen må også vårt arrangement flyttast, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (bildet). Han synest det både er surt og kjedeleg å måtte utsette den etterlengta prismarkeringa, men som med mykje anna for tida, er det bare å bite det i seg. LLA og lokalavisene må forholde seg til dei råd og føringar som styresmaktene kjem med.

– Vårt ønskje er at når prisane først skal delast ut, skal nokre av vinnarane kunne reise til hovudstaden og ta imot heder og ære på ein flott og minnerik måte. I tillegg har vi oppfordra alle andre aviser til å delta i markeringa gjennom å lage eigne lokale arrangement på eigne avishus for alle medarbeidarane sine. Det er kjekt å høyre at fleire aviser alt no har planlagt interne markeringar. Målet er å vise fram den flotte avisfloraen i Norge når LLAs avisprisar først blir delt ut, seier Øystein Øygarden.

Slik smittesituasjonen er no, og truleg også om fire veker, kunne både det eine og det andre blitt umogeleg å få til:

– Sannsynlegvis hadde ikkje nokon aviser fått lov til å reise til hovudstaden i mars. Det kan også kome fleire lokale utbrot, slik at avisene våre heller ikkje hadde fått lov til å ha eigne markeringar på avishusa.  På toppen av det heile risikerer vi at LLAs sekretariat, lydteknikarar og øvrig støtteapparat i Oslo blir satt i karantene. Alt dette betyr at vi heller ikkje kan planlegge ei digital prismarkering i mars, seier LLAs styreleiar.

Også LLAs generalsekretær Tomas Bruvik deler naturleg nok Øygarden og resten av styret sine vurderingar, og er trass alt glad for ei avklaring i brukbar tid:

– Dette er ikkje kjekt, men det einaste rette å gjere. Vi vil svært gjerne ha med oss lokalavisene i heile landet på markeringa. Sjansen for å få det til er større i juni enn om fire veker, seier Tomas Bruvik.

– Det er heller ikke så lenge til juni?

– Sant nok, på godt og vondt. Vi utsetter altså prismarkeringa berre 14 veker og håper dermed prisvinnarene kan smøre seg med litt meir tolmod. Vi lovar dessutan vi skal kaste like mykje glans over 2019-vinnarane som 2020-vinnarane. Vi gjer ikkje forskjell på åra, vi snakker blant anna om «Årets lokalaviser» når prisane deles ut på Hotel Christiania Teater før sommarferien.

– Samtidig er vi inneforstått med at også juni kan by på lokale smitteutbrot og utfordringar. Vi er likevel optimistiske og håper og trur at det om kvelden 18. juni er rom for å endeleg dele ut velfortente prisar til dei beste lokalavisene i Norge – på den eine eller andre måten. Vi skrur saman eit opplegg der vi uansett skal få delt ut prisane på den tida, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik.

Uavhengig av korleis smittesituasjonen blir utover, har LLA-styret også bestemt at årets formelle årsmøte blir gjennomført digitalt, akkurat som i fjor. Årsmøtet blir truleg gjennomført om morgonen fredag 18. juni.

Det samme døgnet som det formelle årsmøtet på nett, og prismarkeringa i Oslo, ønskjer LLA også å lage ein fagdag om lokalavisene, der politikarar, mediebyrå og andre beslutningstakarar skal bli enda bedre kjent med lokalavisenes kvardag og betydning for folk. Fagdagen for inviterte gjester blir sannsynlegvis på Pressens hus.

Her kan lese litt meir om prismarkeringa og LLAs oppfordring om å ha eigne lokale arrangement  sine tilsette.