Mediepolitisk frokost
Mediedebatten i Pressens Hus torsdag 13. oktober 2022. Frå venstre kulturminister Anette Trettebergstuen og vidare stortingsrepresentane Tage Pettersen (H), Grunde Almeland (V), Kathy Lie (SV) og Olav Urbø (Sp)

Kulturminsteren og mediepolitikarar møtte mediebransjen om statsbudsjettet

Kulturminister Anette Trettebergstuen lova at statsbudsjettet for 2023 og dei fireårige styringssignala var golvet, minstemålet for mediestøtta i stortingsperioden. Ho lova at mediestøtta ville bli prioritert når situasjonen vart normalisert og det vart muleg å bruke meir pengar i statsbudsjettet.

Kulturministeren fekk hard kritikk frå opposisjonen for kuttet i momsfritak for lyd og levande bilete, som først og fremst vil ramme TV2, men etter kvart også lokalmedier som tar i bruk nye digitale kanalar spesielt for å nå yngre generasjonar.

Trettebergstuen var tydeleg på at momsforslaget ikkje var politisk ønska, men var eit krav frå finansdepartementet om inndekning i eit stramt budsjett.

Medieministeren  fekk under møtet og direkte utfordring frå redaktør Geir Wulff i den samiske avisa Sagat for at distribusjonsstøtta i Finnmark er foreslått fjerna.

Opposisjonen ved leiar i Familie- og kulturkomiteen Grunde Almeland (V) og Tage Pettersen (H) var begge svært kritisk til fjerning av momsfritaket ville bidra til å svekke innovasjon som er så viktig. Dei meinte og at det både i den generelle produksjonsstøtta og innovasjonsstøtta vart lagt opp til å gje fleire grupper medier støtte utan at ramma i budsjettet tok høgde for dette.

Olav Urbø (Sp) uttrykte tydeleg at dette budsjettet var vanskeleg, at ambisjonane for mediepolitikken til denne regjeringa var å løfte støtta både til lokaviser, lokalradio og mediemangfald elles.

Alle rettar nå blikket mot Kathy Lie og SV som er den forventa budsjettpartnaren for regjeringa når det skal samlast fleirtal for statsbudsjettet. Ho tok til orde for at pressestøtta burde vere rettigheitsordning for å sikre at ingen misser støtte fordi om det kjem nye inn i ordninga noko som er eit problem nå.

Ho lova og at SV skal arbeide aktivt både for å rette opp i det uventa moms-forslaget og ønska å løfte mediestøtta.

Kulturminister Anette Trettebergstuen framheva at ho or regjeringa ønskjer ein offensiv mediepolitikk med det som mål å sikre alle grupper i samfunnet eit godt mediemangfald. Ho viste til at dei i sitt første statsbudsjett,  for 2022 hadde auka støtta dedikert lokalavisene med 10 millionar kroner og at dette vert vidareført, og at samla mediestøtta var det høgaste nokon gong.

Ho lova og at mediestøtta skulle bli minst prisjustert i resten av stortingsperioden.

Bak arrangementet stod medieorganisasjonane; Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Norsk Presseforbund, Landslaget for lokalaviser, Norsk Lokalradioforbund, Fagpressen og Mediebedriftenes Landsforening.

Veslemøy Østrem, Alltinget leia debatten.

Geir Wulff frå Sagat i Lakselv utfordra Kulturministeren for å ha kutta distribusjonsstøtta for Finnmark.

Her kan du sjå debatten:

https://www.youtube.com/watch?v=BVH3fbq–oc