Samanliknbare tal for dei nesten 120 avisene som er tilknytt LLA, viser at netto opplagstal for 1. halvår 2024 er heilt likt samanlikna med første halvår i fjor.
Landslaget for lokalaviser sin generalsekretær Tomas Bruvik seier dette om opplagstala:
– Stabile opplagstal vitnar om at lokalavisene står sterkt landet rundt. Vi gler oss over at folk set pris på avisene våre og den redaktørstyrte, truverdige journalistikken. Det inspirerer oss også til å utvikle vidare den nye samarbeidsdesken i Bergen som LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) er godt i gang med, seier Tomas Bruvik (bildet over).
Blant LLAs medlemsaviser er det Dag og Tid som går mest fram i antall eksemplar. Den nynorske vekeavisa for kultur og politikk aukar med 702 og har eit totalopplag på 14 752.
– Eit nytt halvår med framgang. Det er kjekt, og det syner at ein kan få det til utan å ha eit stort mediekonsern i ryggen, eller å ty til klikkjournalistikk. I Dag og Tid-spaltene er det ingen som «rasar» eller er «i sjokk», seier Dag og Tid sin redaktør og dagleg leiar Svein Gjerdaker (bildet under).
Hallingdølen aukar med 461 til 11 508 og er dermed opplagsvinnaren blant LLAs lokalaviser. Redaktør Lillian Holden kommenterer framgangen slik:
– Vi er jo til for lesarane våre, og ingenting er betre enn at det stadig blir flere av dei. Opplagstala fortel meg også at dei vanvittig dyktige journalistane i Hallingdølen held fram med å lage god journalistikk som oppleves relevant og viktig for folk i lokalmiljøet vårt. No skal vi ete kake! seier Lillian Holden.
Også Folkebladet, Lindesnes, Kronstadposten og Lister er blant opplagsvinnarane i LLA-familien. Det er også Klæbuposten med stor prosentvis framgang; avisa aukar oppplaget med nesten 33 %! Andre aviser med flott prosentvis auke er blant anna Hammerfestingen og Stord24. Totalopplag for LLAs aviser 1. halvår i år er 388 547.
For meir informasjon:
Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, mobil 411 08 523, tomas@lla.no
Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, mobil 916 02 741, svein@dagogtid.no
Lillian Holden, redaktør i Hallingdølen, mobil 476 64 466, lh@hallingdolen.no
Geir K. Hus, informasjonssjef i LLA, mobil 452 89 333, geir@lla.no
Opplagstall for aviser tilknytt både LLA og MBL:
Opplag avis første halvår 2024 LLA og MBL
Svein Gjerdåker, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Dag og Tid. Foto: CF-Wesenberg.