LLA Tomas Bruvik Rune Hetland

Dei minste lokalavisene får minst 200.000 kroner meir – alt i neste veke!

Medietilsynet melder onsdag kveld at ein stor del av den varsla auken på 40 millionar kroner i ordinær produksjonsstøtte går til lokalavisene. Pengene utbetales i neste veke.

På LLAs landsmøte i fjor la forrige kulturminister Trine Skei Grande fram mediestøttemeldinga der ho la klare føringar for at lokalavisene skulle ha meir av pressestøtta. Tidlegare generalsekretær Rune Hetland og noverande generalsekretær Tomas Bruvik (t.h.) smilte då, og kan smile enda meir i kveld.

I lys av Medietilsynets pressemelding onsdag kveld, reknar Landslaget for lokalaviser (LLA) med at alle lokalaviser under 6000 i opplag, og som er med i pressestøtteordninga frå før av, får minst 200.000 kroner meir i år samanlikna med i fjor.

Dette er altså ei oppfølgjing av dei føringane i mediestøttemeldinga som tidlegare kulturminister Trine Skei Grande la fram på LLAs landsmøte i Drammen i fjor. Auken i den ordinære støtta har lenge vore ei kampsak for LLA. Dermed kan både tidlegare og noverande generalsekretær i LLA glede seg over eit svært hyggeleg gjennomslag. Tomas Bruvik kommenterer nyheten slik:

– Dette gler vi oss stort over. Spesielt i dei krevjande tidene vi plutseleg kom opp i, er auken i produksjonsstøtta til dei minste avisene svært kjærkomen. Lokalavisene treng desse pengane no. Eg vil også nytta anledningen til å takka alle politikarar og andre som har vore med og kjempa saman med oss, seier Bruvik.

LLAs generalsekretær er også glad for at Medietilsynet framskundar utbetalinga av støtta for inneverande år. I lys av at avisene taper store annonseinntekter kvar einaste dag, og mange har problem med likviditeten, kjem både auken og utbetalinga godt med.

Bortsett frå at utbetalinga av årets produksjonsstøtte kjem tidlegare enn venta, og at auken i potten i stor grad går til dei minste lokalavisene, understrekar Tomas Bruvik at kveldens glad-nyhet ikkje er ein del av krisepakken som LLA og resten av mediebransjen forventar at regjeringa etter kvart legg fram. LLA ba tidlegare i dag om at alle aviser med opplag under 15.000 får eit ekstra tilskot på 150 millionar kroner. Samstundes ønskjer LLA at staten og kommunane kjøper annonser i alle redaktørstyrte medium for til saman 200 millionar kroner.

Direktør Mari Velsand i Medietilsynet kommenterer den framskunda utbetalinga, og auken i den ordinære pressestøtta, på denne måten:

– Medietilsynet har stor forståelse for den krevende situasjonen mange medievirksomheter nå står i. Derfor framskynder vi også tredje forskuddsutbetaling for produksjonstilskuddet. Denne utbetalingen kommer vanligvis i juli, men skjer nå allerede kommende uke.

– Størstedelen av økningen i årets støttemidler går til små lokale aviser, og dermed får mange av dem som nå sliter en større utbetaling, seier Velsand.

Les heile saka på Medietilsynets nettsider.

For eventuelle kommentarar:

Tomas Bruvik, LLA generalsekretær, mobil 411 08 523, tomas@lla.no