Over hundre lokalavisfolk var samla til LLAs Lokal & digital-konferanse på Flesland fredag, med oppvarming torsdag kveld. Lillian Holden og Ola Stave i Hallingdølen var programleiarar under heile arrangementet. Takk til dei og alle dykk andre som var med på å gjere dette til ei nyttig og sosial samling!
Gjennomgangstema under årets Lokal & digital var korleis ein skal nå unge mediebrukarar, og korleis ein kan skape engasjement og debatt på lokalavisa sine plattformar. Under denne paraplyen kom vi innom mellom anna podkast, video, fronting av debattstoff og den digitale annonsemarknaden.
Her er Trond Sandnes i Folkebladet sin presentasjon, der han deler oppturar og nedturar frå tv-satsinga:
Her følgjer pdf av andre presentasjonar frå konferansen.
Marknadssporet:
Salgsdirektør Gunnar Nilssen i Schibsted Vest om det digitale annonsemarkedet
LLA, Fjell-Ljom og Adnuntius om ny digital sjølvbetjeningsløysing for lokale annonsekundar
Grannar deler nyttige erfaringar for å få fleire digitale inntekter
Redaksjonssporet:
Pia Marie Lerseth i Inderøyningen og Marit Folkedal Lussand i Hordaland om debatt og engasjement. Under samtalen deltok også Birgit Røe Mathisen frå Nord universitet.