Auka valdeltaking i forsøkskommunane

20 kommunar har hatt forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar i kommunestyrevalet. 17 av kommunane har hatt ein samla auke i valdeltakinga etter at alle stemmene er talte opp.

( FOTO: Forskar Guro Ødegård skal no evaluere forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar)

Valforskar Jacob Aars ved Rokkansenteret skal evaluera stemmerettsforsøket. Han seier til Framtida.no han forventa lågare tal for 16- og 17-åringane enn befolkninga elles.
– Dette er overraskande høge tal, seier han til tala som Framtida.no har henta inn frå kommunane.
Han trur Utøya og forsøket i seg sjølv kan ha skapt meir merksemd om valet, og slik bidrege til auka valdeltaking for ungdommane.
Guro Ødegård, forskar ved Institutt for Samfunnsforskning, skal også evaluera forsøket. Ho meiner også dette er høge tal. Det føyer seg inn i mønsteret om at 16- og 17-åringar er i ein meir stabil livsfase, noko som gjer at dei deltek oftare i val, meiner ho.
– Hadde me ikkje hatt Utøya, hadde det vore svært høge tal, seier ho. 33 prosent av dei førstegangsrøystande ved sist kommuneval nytta stemmeretten. Ødegård er spent på å sjå kor mange av dei ordinære førstegangsrøystande som røysta dette valet, for å sjå om mange blei mobilisert etter 22. juli-åtaka.

Teskten er henta frå Framtida.no. Du kan lese heile saka der.

For komplett oversikt over kommunevalet: valgresultat.no

Les og:

Pressemeldinga fra KRD
Ny rapport om ungdom og stemmerett