Solabladets unge ekspertpanel

Fleire av sakene Solabladet skriv om framover skal sendast til ungdomspanelet før dei vert trykte. Ungdommane legg til sin kommentar slik at lesarane kan lesa saka i samband med meiningane til panelet.

Før påske presenterte Solabladet korleis dei ønskjer å satsa på ungdommar før og i
valkampen.

– Me har kome i kontakt med engasjerte ungdommar som har utmerka
seg litt i lokalmiljøet og laga eit ungdomspanel som skal kommentera saker
me skriv om fram mot valet. Me sender dei saker før dei skal på trykk, slik
at sakene kjem med ungdommane sine meiningar. I tillegg skal desse ungdommane blogga for oss, fortel journalist Trine Selvikvåg i Solabladet.

Eksempel på blogginnlegg kan du sjå her

– Det har vore ein god del arbeid og planlegging for å koma fram til dette
panelet, men det er veldig kjekt å arbeida med. Kanskje andre aviser har
lyst til å gjera det same? Ungdommane synest det er utruleg stort å få vera
med på, seier Selvikvåg.