Sogn-Avis-forside

Ukas avis: Sogn Avis

I fjor vart den då ferske LLA-medlemen Sogn Avis kåra til landets beste lokalavis. Dei dyrkar meiningsmangfaldet og lèt ikkje nettsatsing gå utover papiravisa, men mediekrisa er på veg til Sogn òg.

I fjor vart den då ferske LLA-medlemen Sogn Avis kåra til landets beste lokalavis. Dei dyrkar meiningsmangfaldet og lèt ikkje nettsatsing gå utover papiravisa, men mediekrisa er på veg til Sogn òg.

Av Martin Årseth

MORGONEVALUERING: Redaktør Jan Inge Fardal seier klart frå om kva han likar og ikkje likar i avisa. Her i munnleg passiar på morgonmøte. Frå venstre: Terje Eggum, Jan Inge Fardal, Mariann Skau og Wenche Schanke Eikum.

Sogn Avis
Sogn Avis kjem ut i Leikanger i Sogn og Fjordane. Kjem ut mandag til torsdag samt laurdag. Godkjent opplag i 2016 var 8993.
Avis er i hovudsak lokalt eigd. Ansvarleg redaktør er Jan Inge Fardal.
Nettside: sognavis.no

Bak glasveggar, midt i redaksjonslokalet, ligg møterommet til Sogn Avis. Journalistane tek plass i dei beige stolane, og årdalskontoret koplar seg på video. Verda har kome til Sogn. Sidan 2009 har avisa hatt morgonmøte saman med lokalkontoret som ligg halvannan time unna.

Då flytta dei inn i nye, moderne lokale i Hermansverk i Leikanger.

– Det einaste problemet er at det ikkje ligg i Sogndal, seier redaktør Jan Inge Fardal.

«Årets lokalavis 2015» startar dagane med å evaluere dagens avis. Avtroppande vaktsjef Kai Martin Brekke tek ordet og leier journalistane gjennom avisa, og dei har kommentarar:

Burde dei hatt faktaboks for å forklare saka? Er bruken av fornamn og etternamn medvite i laurdagsportrettet? Kvifor vinkla dei ikkje på at Liv Signe Navarsete mista førarkortet?

– Det er vanskeleg å konkurrere med NRK, som dekkjer heile fylket, fortel journalist Wenche Schanke Eikum, som har vore på årsmøtet til Sogn og Fjordane KrF.

– KrF snakka mykje om kyststamveg og anna relevant der ute, der dei er store. Det var litt utfordrande å finne sognevinkelen, seier ho.

Påtroppande vaktsjef Eli Grotle tek over møteleiinga når dei skal planleggje ny avis.

Korleis går det med myntbetalinga på doen i Gudvangen? Hamnar regionarbeidsplassane i Leikanger eller Førde? Korleis går det med E16 i Nasjonal transportplan? Kva med delegasjonen frå eit meieri i Zimbabwe som kjem til fylket?

Kryssord kvar laurdag
– Det er så klart veldig stas å bli kåra til årets lokalavis. Vi har hengt diplomet ved inngangsdøra, fortel Fardal.

Han har jobba som journalist sidan 1981, mellom anna som frilansar i radio i tillegg til avis, og han har vore redaktør i Sogn Avis sidan 2006. Der er han sjef for 16 journalistar. Til saman er dei 34, då inkludert trykkjeriet, som er skilt ut i eige selskap og tek oppdrag frå andre enn berre avisa.

For første gong er redaktøren for årets lokalavis no med i juryen for kåringa av neste års lokalavis. Juryarbeidet har gjeve ny innsikt for redaktøren.

– Det er eit tidkrevjande arbeid å sjå gjennom kvar enkelt avis, men eg er ikkje mindre stolt av prisen etter å ha vore med i juryen sjølv, for å seie det sånn, seier han.

Som mange andre aviser hadde Sogn Avis problem med Kvikkas, og Fardal har fått sjå kor sterkt ønske nokon har for papiravis.

– Det er ein gjeng i Vik som samlast kvar laurdag for å løyse kryssord saman. Det nyttar ikkje å kome til dei og seie at dei kan lese e-avisa på nett når leveringa sviktar. Eg trur det framleis er betalingsvilje for papiravis, for dei som vil ha papir, vil ha det same faen.

– Men vi har tilpassa oss. I staden for å presse dødlina utover kvelden for å rekkje Sogndal-kampane, så byter vi om to sider i e-avisa, og så kan ein lese det på nett, fortel Fardal.

– De har gått ned 162 i opplag, medan dei to avisene som har gått fram er Amedia-avisene Firda og Firdaposten, som satsar veldig mykje på nett.

– Men vi satsar på nett, vi òg. Eg meiner ein ikkje treng å gjere papiravisa dårlegare for å gjere nettavisa betre.

PORTRETT: Journalist Sigrid Nese intervjuar Jøril Hovland til laurdagsportrett.

Opnar med debatt
Grunngjevinga frå juryen opna med at «avisa har levande debattsider, gode spaltistar og kronikkar og ein fin helgeseksjon». Akkurat det er viktig for redaktøren, og avisa ryddar side to og tre til leiar, debattinnlegg og spaltistar.

– Det er krevjande å skrive fem leiarar kvar veke, men eg meiner vi må skape debatt, og det prøver eg med leiaren. No har eg 15-16 spaltistar, som er ganske ulike og skriv ulike sjangrar. I tillegg er eg oppteken av å ha god kjønnsbalanse. Dei skriv petitar, politisk og vinspalte, og meir.

Fardal trekkjer fram nokre viktige saker dei har jobba med i det siste.

– Barnevernsaka i Sogndal, som eigentleg er ei personalsak i Sogndal kommune, og eigedomsskatt i Sogndal. Der har vi sytt for at det vert eksterne granskingar. Dette er kjernen av det eg meiner er oppgåva til ei lokalavis, seier redaktøren, som sjølv har arbeidd med barnevernssaka.

Avisa har ein turnus på helgeportrett, som dei legg mykje prestisje i å ha kvar einaste laurdag. Slik veit alle kva tid dei skal skrive portrett heilt fram til sommaren. Denne veka skriv journalist Sigrid Nese portrett av Jørild Hovland, som mellom anna er styreleiar i det lokale renovasjonsselskapet Simas.

Sjølvstendig
Avisa er privateigd, med Ingvald Husabø som største eigar. Etter ein hestehandel i 1997 med det som då var A-pressen, har Amedia ein eigarlut på 10,5 prosent. A-pressen la ned Sogn Dagblad, med kontor i Høyanger og Årdal, mot aksjar i Sogn Avis.

Sogn Avis sjølv er ei samanslåing av Sogningen/Sogns Avis og avisa Sogn og Fjordane i 1993. Sogn og Fjordane er kjent for å ha lynne som følgjer dei gamle fogderigrensene mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg til det er det skilnad på sogningar.

– Ein slo ikkje berre saman to aviser, men to aviskulturar. Og fleire frå den tida jobbar her framleis. Det tek tid å samle dei.

– Kva synest du om å vere utanom konserna?

– Det synest eg er strålande. Då kan vi gjere som vi vil. Vi samarbeider litt, og burde gjerne gjere det meir, med nokre andre sjølvstendige aviser. Sunnhordland, Hallingdølen og Hordaland.

– Korleis merkar de konkurransen frå NRK?

– Fordelen og ulempa er at NRK dekkjer heile fylket. Vi skal vere best på Sogndal fotball. Alt i Sogn, eigentleg. Problemet er jo at dei lagar gratis nettavis, medan vi prøver å ta betalt. På den andre sida har dei vorte mykje betre til å sitere rett på saker vi har først.

Han trekkjer fram at NRK Sogn og Fjordane har noko bokmål på sidene sine, sidan det kjem nasjonale saker produsert av NRK andre stader landet. Det er ressursar dei ikkje kan konkurrere med. Sogn Avis sine journalistar er kompromisslause nynorskbrukarar, som berre skulle mangle.

– Men vi slepp til bokmål på debattsidene. Éin spaltist får skrive bokmål, fordi han skriv så godt. Vi har til og med ein som skriv svensk! Og prestane, dei skriv litt forskjellig, seier Fardal.

Posten utfordrar frekvens
Rekneskapen viser at avisa hadde jamn omsetnad på 45 millionar kroner i året frå 2010 til 2015, og eit overskot frå 2 til 4 millionar. I det siste har dei likevel merka mediekrisa kome til Sogn.

– Fram til sist sommar merka vi ingenting, men sidan den gong har vi merka nedgang i annonsesalet. Det er først og fremst dei store annonsørane som sviktar. Vi skal òg prøve eit prosjekt frå idébanken til LLA, der lokale verksemder kan få Facebook-annonsane sine på nettframsida vår, seier dagleg leiar Leif Johannes Lunde om utviklinga.

– Når annonseinntektene går ned, må vi hente meir frå abonnentane. No kjem 52 prosent av inntektene frå abonnentane, og eg vert ikkje overraska om vi når 60 prosent i 2018, fortel Lunde.

Han meiner den største utfordringa er postomberinga, og meiner logistikken er det som kan få dei til å kutte i frekvens.

– Vi kan ikkje lage avis oftare enn vi får henne ut, seier han.

IKKJE TILFELDIG: Vaktsjef Eli Grotle (t.v.) og typograf Eli Lunde Hjeltnes diskuterer korleis framsida skal sjå ut.