Redaksjonelt ugras

− Er du veldig oppteken?
− Ja, nei, øh. Veldig? Det var den skulesoppsaka og…
− Fint. Det står to jenter frå Baldersheim ute i resepsjonen med ei skikkeleg artig potet. Tek du eit bilete og skriv ein snutt? Vi har litt ledig plass å fylla på side 18.

I serien «Minne frå lokalavisa…» har Os og Fusaposten invitert noverande og tidlegare journalistar til å dela ei spesiell oppleving dei har hatt i si tid som tilsett i lokalavisa. Tidlegare journalist Hallvard Lyssand skriv med ein god porsjon sjølvironi om korleis «lukande» journalistikk om vårens første hestehov eller ei potet som liknar på Elvis kan vekkja større merksemd enn gravande journalistikk og avsløringar om kommunepolitikken.

Artig lesning!